Statsministeren i Frankrike, Jean Castex (nummer to frå venstre), og utdanningsminister Jean-Michel Blanquer (nummer tre frå venstre) deltok under ei minnestund for læraren Samuel Paty på ein ungdomsskule i Frankrike denne veka. Foto:Thomas Coex / AP/ NTB

Stor debatt om ytringsfridom i Frankrike

SamfunnOver heile Frankrike heldt skulane denne veka eitt minutts stille for å heidre læraren Samuel Paty. Han vart drepen i oktober. Drapet har utløyst ein stor debatt om ytringsfridom.

  • © NTB
  • Published:
  • Updated:

Samuel Paty (47) var lærar i ungdomsskulen.

Fakta om drapet på den franske læraren

  • Den franske læraren Samuel Paty underviste 5. oktober i ytringsfridom. Då viste han fram ein karikatur av profeten Muhammed.
  • Ein karikatur er ei komisk framstilling av ein person.
  • Læraren hadde gitt dei elevane som ikkje ville delta, lov til å gå ut denne timen.
  • Faren til ein elev ved skulen melde læraren til politiet. Han reagerte sterkt på at læraren hadde vist elevane karikaturar av profeten. Muhammad er heilag for muslimane.

Paty vart drepen med kniv. Drapet skjedde i ein forstad like utanfor Paris, hovudstaden i Frankrike, den 16. oktober.

Styresmaktene i Frankrike karakteriserte drapet som «islamistisk terror».

Viste fram karikaturar

Bakgrunnen for drapet var at læraren tidlegare i oktober skal ha vist fram karikaturar av profeten Muhammed. Ein karikatur er ei komisk framstilling av nokon.

Paty viste fram teikningane i samband med undervisning om ytringsfridom.

Etterpå fekk Paty truslar for å ha krenkt profeten. Nokre dagar etter vart han drepen.

Gjerningsmannen vart drepen

Politiet drap kort tid etter gjerningsmannen.

Drapsmannen skal ha bede nokre elevar om å peike ut læraren for han. Det skjedde etter timen om ytringsfridom.

Sterke reaksjonar i fleire land

Drapet har skapt sterke reaksjonar både i og utanfor Frankrike.

Tusenvis av franskmenn har demonstrert for ytringsfridom og mot terror.

Forsvarer retten til å snakke

Emmanuel Macron er president i Frankrike.

Macron seier han alltid vil verne retten til å snakke, skrive, tenkje og teikne.

Muslimar demonstrerer mot Frankrike

Titusenvis av muslimar i ei rekkje land har på si side demonstrert mot Frankrike.

Dei reagerer på at dei franske styresmaktene meiner det er greitt å vise fram karikaturteikningar av profeten Muhammed. Muhammed er heilag for muslimane. Demonstrantane meiner ein ikkje skal gjere narr av han.

Vil ikkje kjøpe franske varer

Fleire land, mellom anna Tyrkia, Qatar og Kuwait, har teke til orde for å boikotte franske varer. Boikott betyr at ein sluttar å kjøpe varer frå bestemde stader.

Franske muslimar fordømmer boikotten

Fleire av dei viktigaste muslimske organisasjonane i Frankrike fordømmer oppmodinga om å boikotte franske varer.

Dei understrekar at Frankrike har presse- og ytringsfridom.

Regjeringa kan ikkje bestemme at medium skal publisere eller ikkje publisere karikaturar av profeten Muhammed.

– Det er ei skamlaus løgn

Dei muslimske organisasjonane meiner påstandar om at den franske staten utset franske muslimar for rasisme, er ei «skamlaus løgn».

Dei meiner heller ikkje at det er eit hat mot muslimar i landet.

Fleire drap har skaka Frankrike

Førre veke vart Frankrike skaka av ein ny terroraksjon. Då vart tre menneske knivdrepne i Notre Dame-kyrkja i Nice. Angrepet er ein av fleire hendingar etter drapet på Paty.

Dei franske styresmaktene har heva antiterrorberedskapen til det høgaste nivået etter angrepa.