Åfjord Fosen 20201013. Reinsdyr vandrer rundt vindmøllene på Storheia vindpark, som er den største av vindparkene i porteføljen til Fosen Vind, og den andre av vindparkene som ble bygget. Da den ble overført til ordinær drift i februar 2020 var den Norges største med 80 turbiner og en installert effekt på 288 MW. Foto: Heiko Junge / NTB

FN åtvarar: Det kan komme fleire og verre pandemiar

HelseNaturinngrep kan gi fleire pandemiar. Derfor må vi redde resten av naturen. Det understrekar FNs naturpanel i ein ny rapport.

  • © NTB
  • Published:
  • Updated:

FNs naturpanel jobbar for å verne det biologiske mangfaldet.

Fakta om tap av natur i verda

  • 75 prosent av alle landområde har anten vorte lagde om til åkrar, dekte av betong, drukna i demningar eller vorte påverka av ei eller anna form for menneskeleg aktivitet.
  • Over 66 prosent av havområda har vorte endra av oppdrettsanlegg, skipsruter, undervassgruver eller andre prosjekt.
  • 75 prosent av alle elvar og innsjøar blir brukte til dyrehald eller avlingar.
  • 83 prosent av all våtmark har forsvunne sidan starten av 1700-talet.
  • Berre 3 prosent av havområda er skåna for menneskeleg påverknad.

Kjelde: FN

No har dei laga ein ny rapport som viser at øydelegging av naturen kan føre til nye og verre pandemiar enn covid-19-pandemien i framtida.

Tusenvis av virus

Det finst opptil 850.000 ukjende virus som kan gi infeksjonar hos menneske, i naturen.

Avskoging og andre naturinngrep kan auke faren for at ulike virus smittar frå dyr til menneske.

Må ta rapporten på alvor

Ellen Hambro er direktør i Miljødirektoratet. Ho meiner vi må ta denne rapporten på alvor.

– Rapporten frå ekspertane viser tydeleg at dei menneskeskapte, globale endringane i naturmangfaldet er ein trussel for oss menneske. Risikoen for smitte mellom dyr og menneske er størst når dyreartar mistar levestadene sine, seier Hambro.

Korona kom frå flaggermus

Ekspertane meiner at koronaviruset smitta frå flaggermus til menneske før det dukka opp i Wuhan i Kina i 2019.

Meir landbruk, handel og forbruk som ikkje er berekraftig, påverkar naturen. Når dei naturlege områda for dyra blir mindre, aukar også kontakten mellom ville dyr, husdyr og menneske. Då blir smitten lettare overført.

Mykje dyrare å kjempe mot pandemiar

Ekspertane bak rapporten seier at det truleg kostar 100 gonger meir å få bukt med utbrotne pandemiar enn å førebyggje dei.

Øydelegging av natur kan faktisk auke faren for fleire pandemiar. Her jobbar legar og sjukepleiarar med ein koronapasient på Bærum sjukehus. Foto: Vestre Viken HF / NTB

Ekspertane ber om strengare regulering av aktivitetar som kan utløyse pandemiar. Det er nødvendig med meir berekraftig utnytting av naturen. Og det som er igjen av vill natur, må få vere i fred.

På den måten kan vi òg førebyggje nye utbrot av pandemiar, heiter det i rapporten.

Lite villmark igjen i Noreg

I dag er 11,5 prosent av fastlandet i Noreg villmark. På byrjinga av 1900-talet var om lag halvparten av fastlandet villmark. Det skriv harvestmagazine.no.