Mange barn og unge slit ekstra når offentlege tenester blir stengde under pandemien. Kva kan du gjere viss du kjenner nokon som slit ekstra mykje? Foto: Shutterstock/NTB

Barneministeren ber smittekommunar ta omsyn til barna

HelseKommunar som har mykje koronasmitte, stengjer no mange tenester. Barneministeren ber om at dei held viktige tenester for barn og unge opne.

  • © NTB
  • Published:

Torsdag førre veke kom regjeringa med nye, strenge koronatiltak. No er det opp til kommunane å avgjere kor mykje dei skal stengje.

Fakta om psykiske problem

  • Når uvanlege ting skjer, kan det bli endå vanskelegare for dei som slit psykisk frå før.
  • Viss du kjenner at det er sånn for deg no, så ta kontakt med nokon fort. Det hjelper å prate med nokon.
  • Kjenner du nokon som strevar psykisk no, er det bra om du tek meir kontakt og gir dei litt ekstra støtte.
  • Fortel gjerne om det du bekymrar deg for, til ein vaksen.

Dei må hugse på barna

Kjell Ingolf Ropstad er barne- og familieminister frå Kristeleg Folkeparti. Han ber politikarane ute i kommunane om å hugse på barna – sjølv om dei no endå ein gong må stengje mange tenester.

– Den største bekymringa mi er særleg barn og unge som har det vanskeleg, seier han.

Det blir færre aktivitetar

Alle har vi lenge måtte leve med mindre aktivitet i samfunnet. No kan det igjen bli lite å gjere –  og færre å snakke med.

Særleg barn og unge som har det vanskeleg, står i fare for å bli meir einsame dei neste vekene, seier Ropstad.

– Desse barna kan miste eit heilt nødvendig tilbod, mellom anna det å ha nokon å snakke med eller få nødvendig psykisk helsehjelp, seier barneminsteren.

Barn skal skjermast

Regjeringa har understreka at barn og unge helst skal sleppe å bli ramma av tiltak som skal redusere smitten.

Likevel er erfaringa at mange kommunar har teke både folk og pengar frå helsetenestene for barn og unge. Dei blir i staden brukte til å handtere pandemien.

Barneminster Kjell Ingolf Ropstad ber kommunane om å sørgje for at viktige tilbod til sårbare barn og unge blir haldne i gang - sjølv om koronasituasjonen blir vanskelegare. Foto: NTB
Barneminster Kjell Ingolf Ropstad ber kommunane om å sørgje for at viktige tilbod til sårbare barn og unge blir haldne i gang – sjølv om koronasituasjonen blir vanskelegare. Foto: NTB

Helsesjukepleiar for barn og unge

Ropstad ber heilt spesielt om at kommunane ikkje tek bort tilbodet om helsesjukepleiar for barn og unge.

– La helsesjukepleiarane vere der dei er, ber han.

Vil ikkje stengje skular

Regjeringa har sagt at dei helst ikkje vil stengje alle barnehagar og skular over heile landet, slik dei gjorde i mars.