Kontakten mellom foreldre og unge er svært annleis i dag enn for nokre tiår sidan. Nye medium kan føre til lettare, raskare og meir direkte kontakt mellom barn og foreldre.

Shutterstock/NTB

Åtte av ti unge er fornøgde med foreldra sine

Samfunn84 prosent av alle unge i Noreg i dag er fornøgde med foreldra sine. 10 prosent seier dei er misfornøgde. Det viser ei fersk undersøking.

  • © NTB
  • Published:
  • Updated:

Det er Ungdata som nyleg har gjort undersøkinga.

Fakta om generasjonar

  • Generasjon: individ (menneske, dyr, planter) som er fødde nokolunde samtidig.
  • Generasjon betyr òg menneskealder, det vil seie om lag tredelen av eit hundreår.
  • Det lever fleire generasjonar på same tid.
  • Besteforeldre, foreldre og barn er eksempel på tre vanlege generasjonar.

Den viser òg at 92 prosent opplever at foreldra er svært interesserte i liva deira.

Kløfta mellom generasjonane er mindre

Viggo Vestel er sosiolog. Han har forska på forskjellar mellom generasjonane.

Ungdata har ingen tal på kor fornøgde dei unge var på 1960- og 1980-talet, men Viggo Vestel veit mykje om korleis forholda var.

Han seier til NRK at avstanden mellom generasjonane – den såkalla generasjonskløfta – har vorte mindre med åra.

Kontakten har vorte betre

– Kontakten mellom foreldre og unge er svært annleis i dag enn for nokre tiår sidan, seier han.

Den gongen snakka unge og vaksne svært lite med kvarandre.

Unge og vaksne veit meir om kvarandre

– No er det meir gjensidig kunnskap. Det er enklare å få innblikk i korleis verda ser ut for den andre, på godt og vondt, seier han.

Det er fleire grunnar til at kløfta mellom generasjonane har vorte mindre.

Mange barn og unge føler at dei kan dele meir med foreldra sine enn før, men 10 prosent seier dei er misfornøgde med foreldra. Foto: Shutterstock/NTB.

Barn bruker mykje tid på skulen

Vestel peikar på at barn i dag bruker meir tid på stader som barnehage, skule og idrettsarenaer. Der jobbar det mange vaksne.

Dermed blir kontakten mellom generasjonane tettare.

Teknologien er viktig

Teknologien er òg ein viktig faktor.

– Nye medium fører til lettare, raskare og meir direkte kontakt mellom barn og foreldre, seier Vestel til NRK.