Arkeologar i Egypt har funne over 100 sarkofagar. Mange av desse kistene med lik er svært gamle - frå år 30 før Kristus eller eldre.

AP/NTB

100 intakte sarkofagar funne i gravkammer i Egypt

SamfunnEi gruppe arkeologar i Egypt har funne over 100 eldgamle og intakte kister med lik i.

  • © NTB
  • Published:

Desse likkistene blir kalla sarkofagar.

Fakta om sarkofagar

  • Ein sarkofag er ei monumental likkiste. Monumental betyr at noko er storslått langt utover det alminnelege.
  • Liket vart anten lagt direkte ned i sarkofagen eller i ei mindre kiste inni sarkofagen.
  • Sarkofagane frå det gamle Egypt kan vere av stein, men er oftast laga av tre dekorert med måling. Kistene har ei menneskeliknande form.

Kjelder: wikipedia.no/sln.no

Kistene er ofte laga av stein eller tre og har vakre dekorasjonar.

12 meter under bakken

Arkelogane fann sarkofagane i tre gravkammer som låg tolv meter under bakken i Saqqara.

Saqqara er ein kjend gravstad ikkje langt frå Giza-pyramiden i Kairo.

Svært gamle sarkofagar

Dei 100 sarkofagane stammar truleg frå tidsrommet år 700–30 før Kristus.

Kistene vart oppdaga berre ein månad etter at arkeologane fann 59 andre intakte sarkofagar i det same området.

Det er mykje igjen å oppdage

Khaled al-Anany er turistminister i Egypt. Han seier det er veldig mykje igjen å oppdage i Saqqara.

– Utgravingane held fram. Kvar gong vi tømmer eit

gravkammer for sarkofagar, så finn vi inngangen til eit nytt, seier Khaled al-Anany.

Fann mange statuar

I gravkammera fann arkeologane òg over 40 statuar av gamle gudar.

Fleire av gjenstandane skal stillast ut på eit kommande stormuseum i Kairo.

Fleire gjenstandar

Turistministeren seier at fleire nye gjenstandar skal stillast ut i tida som kjem.