Krigen i Syria går no inn i det tiande året, og lidingane vil ingen ende ta. Her blir ein militssoldat som vart drepen i kamp mot den ytterleggåande islamistgruppa IS i Qamishli aust i landet, gravlagd.

Baderkhan Ahmad/AP/NTB scanpix

Verdssamfunnet har svikta syrarane

PolitikkDen ni år lange krigen i Syria har truleg kravd 586.000 menneskeliv. Verdssamfunnet har svikta. Det meiner FNs spesialutsending Geir O. Pedersen.

  • © NTB
  • Published:

Eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) meiner å kunne dokumentere at minst 116.000 sivile er drepne i krigen, blant dei minst 22.000 barn og 13.000 kvinner.

Fakta om offera til krigen i Syria

  • Den syriske eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) reknar med at den ni år lange krigen i Syria har kravd 586.000 menneskeliv.
  • Blant dei som er dokumenterte drepne, er det minst 116.000 sivile, blant dei 22.000 barn og 13.000 kvinner.
  • 130.000 syriske regjeringssoldatar og allierte militssoldatar er drepne i krigen, blant dei nærare 1.700 frå den libanesiske Hizbollah-militsen.
  • 124.000 opprørarar er òg drepne, vel 67.000 av dei medlemmer av jihadistgrupper og nærare 13.000 medlemmer av den kurdiskleidde SDF-styrken.
  • 88.000 sivile er ifølgje SOHR dessutan torturerte i hel i fengsla og fangeleirane til regimet, og minst 3.200 sivile og nesten 6.000 soldatar er drepne i fangenskap hos IS og opprørarar som har band til al-Qaida.

Kjelde: SOHR, NTB

På tiande året

Konflikten går i desse dagar inn i det tiande året, og dei syriske regjeringsstyrkane har no med støtte frå mellom anna Russland vunne tilbake store delar av landet.

Opprørarar, blant dei tyrkiskstøtta styrkar, held framleis stand i Idlib-provinsen nordvest i Syria. Der er det no innført eit skjør våpenkvile. Lidingane til sivilbefolkninga er langt frå over av den grunn.

Tragisk

– Lidingane til det syriske folket i dette tragiske og fryktelege tiåret er framleis vanskelege å forstå. Hundretusenvis av syrarar, menn og kvinner, har mista livet, fortel FNs spesialutsending til landet, den norske diplomaten Geir O. Pedersen.

Hundrevis er forsvunne

– Hundretusenvis er fengsla, bortførte eller forsvunne. Brota på menneskerettane, lovbrota, øydeleggingane og fortvilinga har vore monumental, seier han.

Halve befolkninga er på flukt

– Halve befolkninga har flykta frå heimane sine, og med nærare éin million nye fordrivne som følgje av den kraftig valden i Idlib-området dei siste tre månadene, blir tragedien stadig større, seier Pedersen.

Diplomatiet har svikta

– Det forferdelege og vedvarande i denne konflikten er eit bevis på at diplomatiet har svikta, medgir Pedersen.

Det er Carsten Hansen, som er leiar for arbeidet Flyktninghjelpen driv i Midtausten, heilt einig i.

Har hatt mange diskusjonar

– FNs tryggingsråd har vore i møte for å diskutere Syria i 222 timar dei siste ni åra. For kvar einaste time dei har diskutert, har 27.385 syrarar måte flykte for livet, seier han.

Verda er handlingslamma

– Vi er skremde over at verda er så handlingslamma, noko som i snart eit tiår har gjort det mogleg for dei krigførande partane å halde fram med å lemleste og drive millionar av sivile på flukt, seier Hansen.

Han viser til at Tryggingsrådet har hatt 144 møte og vedteke 25 resolusjonar om krigen i Syria, og at FNs generalsekretær har laga 102 rapportar.

Blodbadet held fram

– Ikkje noko av dette har fått slutt på blodbadet. Tallause familiar er i dag fanga i ei krigssone utan nokon veg ut, medan millionar av andre er langt heimanfrå utan håp om å kunne vende tilbake med det første, seier Hansen.

Har ikkje brukt makta si

– Dei dresskledde mennene som sit i New York, har late vere å bruke makta si til å hindre dei krigførande partane i Syria i å bruke sivile som brikker på eit sjakkbrett. FN har vist seg å vere ute av stand til å gjere noko som helst for millionar av syrarar som har mista så mykje, seier han.

FNs spesialutsending Geir O. Pedersen er like fortvilt.

– Lidingane til syrarane er katastrofale og må ta slutt, seier han.