Mange flyktningar har teke seg over til Hellas frå Tyrkia etter at Tyrkia opna grensene sine denne veka. Nye kamphandlingar i Syria har drive fleire på flukt, og Tyrkia krev no at Europa tar sin del av byrda.

Michael Varaklas/AP/NTB scanpix

Tyrkia meiner at Europa må ta sin del av flyktningbyrda

PolitikkTusenvis av flyktningar har strøymt til grensa mellom Tyrkia og Hellas etter at Tyrkia førre veke opna grensa. Tyrkia meiner Europa no må ta sin del av børa.

  • © NTB
  • Publisert:

Presidenten i Tyrkia, Recep Tayyip Erdogan, vil ikkje lenger halde grensene til Europa stengde. Han meiner at andre europeiske land må ta imot fleire flyktningar.

Fakta om flyktningkrisa

  • Tyrkia har i dag over fire millionar flyktningar.
  • 3,6 millionar av dei kjem frå Syria.
  • Over 1,15 millionar flyktningar har komme til Hellas sidan 2015, dei aller fleste av dei sjøvegen frå Tyrkia. Mange av dei bur i overfylte leirar.
  • Nye kamphandlingar i Idlib i Syria har før til ein ny flyktningstraum. I EU er dei no redde for å få ein reprise av flyktningkrisa i 2015.
  • I 2015 var hundretusenvis av flyktningar på vandring i Europa.
  • Sidan mars 2016 har Tyrkia og EU samarbeidd om å halde dei syriske flyktningane unna EUs yttergrenser. No opnar Tyrkia grensene. Dei vil at resten av Europa skal ta sin del av børa med den auka flyktningstraumen.

Kjelde: NTB

Dei nye kamphandlingane i Idlib i Syria har ført til at mange syrarar igjen flyktar til Tyrkia. Tyrkia vil ikkje hindre dei syriske flyktningane i å ta seg inn i Europa.

Strøymer til Hellas og Bulgaria

Tusenvis av menneske på flukt har dei siste dagane strøymt til grensa mellom Tyrkia og Hellas etter at Tyrkia førre veke opna grensa. Mange av flyktningane har òg sett kursen for Bulgaria i håp om å krysse grensa der.

Både Hellas og Bulgaria har sendt forsterkningar til grensa mot Tyrkia for å prøve å stoppe flyktningane.

Flyktningar frå mange land

Syrarar  utgjer ikkje hovudmengda av dei som no samlar seg ved overgangane.

Det er for det meste afghanarar, irakarar og iranarar.

Vil la dei reise

Tyrkia gjer det klart at dei vil halde fram med å la flyktningane reise ut landet.

– Etter at vi opna dørene, har vi fått fleire oppmodingar om å stengje dørene igjen. Men eg har sagt at det er slutt. Dørene er opne no. No må de ta dykkar del av byrda, sa president Erdogan måndag.

Hellas reagerer sterkt

Hellas har reagert sterkt på at Tyrkia no opnar grensene.

Hellas seier at dei ikkje vil ta imot nye asylsøknader før om ein månad. På den måten vil dei prøve å skremme  flyktningane frå å ta seg over grensa til Hellas.

Overfylte leire i Hellas

I Moria, som er den største flyktningleiren på Lesvos i Hellas, er det for tida meir enn 19.000 asylsøkjarar. Leiren har eigentleg berre kapasitet til å ta imot 2.840 menneske.

Situasjonen er like krevjande på dei andre øyane, og menneskerettsgrupper og humanitære organisasjonar har fleire gonger kritisert forholda. Hellas fryktar no at situasjonen skal bli endå meir prekær.

EU diskuterer situasjonen

EU diskuterer no korleis dei skal handtere situasjonen som har oppstått langs EU-grensa mot Tyrkia.

Noreg meiner EU må finne ei løysing viss flyktningpresset blir akutt i Hellas.

– Viss det blir akutt i Hellas, må EU finne ei løysing. Hellas er eit EU-land, og det er viktig for EU òg å finne løysingar som gjer at alle landa bidreg. Men vi har sagt at viss det blir akutt, vil også vi kunne hjelpe. Det seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide til NTB.

Mest lest