Framleis leitar ein etter ein ny tittel for jordmor. Tittelen jordmord er ikkje kjønnsnøytral og kan føre til at ein del menn ikkje vil gå inn i yrket.

Shutterstock / NTB scanpix

Regjeringa vil ha kjønnsnøytrale yrkestitlar

PolitikkStatlege yrkestitlar skal ikkje lenger kunne innehalde orda «mann» eller «mor», ifølgje likestillingsminister Abid Raja (V).

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Det fortalde Raja til Aftenposten då han deltok på markeringa for kvinnedagen på Youngstorget i Oslo søndag.

Fakta om ord på -mann

  • Ei forklaring på at det norske språket har så mange ord med «mann», er at mann på norrønt – «maðr» – vart nytta i tydinga «menneske».
  • Vikingane brukte ordet så kjønnsnøytralt at ein skilde mellom «karlmaðr» og «kvennmaðr» – karmenneske og kvinnemenneske.

– Dette er på tide. Titlar som «fylkesmann» og «utanrikstenestemann» gir assosiasjonar om at visse titlar er reserverte for eit bestemt kjønn. Somme titlar har vi endra, som «riksmeklingsmann», som har vorte «riksmeklar». No står dei andre for tur, seier Raja til avisa.

Arbeidet er ferdig

Stortingsfleirtalet bad i fjor dåverande kulturminister Trine Skei Grande (V) om å kartleggje yrkestitlar i staten for å bli kvitt dei som ikkje er kjønnsnøytrale.

Raja seier dette arbeidet no er i mål.

Jordmor er eit unntak

Eitt unntak skal stå inntil vidare, og det er tittelen «jordmor».

– Vi har fått kartlagt kor jordmoromgrepet faktisk kjem frå. Det stammar frå ei tid då barnet vart teke imot på eit jordgolv. Så tok ein det frå jordgolvet og gav det til mor, altså «jordmor», seier Raja.

Fakta om ikkje kjønnsnøytrale yrkestitlar

  • Det er fleire yrkestitlar vi bruker i dag, som ikkje er kjønnsnøytrale, som:
  • Fylkesmann, lensmann, sivilombodsmann, rådmann, sysselmann, formann, tillitsmann.
  • Fleire liknande titlar er endra dei siste åra, slik som «helsesøster», som har vorte «helsesykepleier» og «riksmeklingsmann», som har vorte «riksmeklar».

Skal finne eit nytt ord

Helsedepartementet får ansvaret for å samordne arbeidet mellom Sjukepleierforbundet, Jordmorforbundet og representantar for staten slik at ein finn eit ord alle kan vere samde om.

Helsesjukepleiar

Helsesjukepleiar som erstatningsord for helsesøster fekk eit endeleg gjennombrot i 2019.

Helsesjukepleiar er eit vellykka døme på eit godt alternativ, ettersom overgangen frå gammal til ny yrkestittel har gått fort og møtt liten motstand.

Titlar som «fylkesmann» og «utanrikstenestemann» gir assosiasjonar til at visse titlar er reserverte for eit bestemt kjønn, seier Abid Raja (V).

Mest lest