Børsmeklarane har hatt hektiske dagar etter at koronaviruset dukka opp og skapte panikk i mange marknader. Her frå børsen i New York.

Brendan McDermid/REUTERS/NTB scanpix

Koronaviruset har ført til store økonomiske problem over heile verda

ØkonomiNorsk økonomi er førebels ikkje virussmitta. Men norske styresmakter er klar med tiltak viss symptoma kjem.

  • © NTB
  • Publisert:

Jan Tore Sanner (H) er finansminister. Han følgjer med på dei økonomiske konsekvensane av koronaviruset.

Fakta om effekten på økonomien under virus-frykt

  • Den største bremsen for økonomien under ein pandemi er frykta for å bli smitta, ikkje dødstala.
  • Mange går ikkje på jobb, unngår å reise på ferie, et ikkje ute og handlar ikkje i dei fysiske butikkane.
  • Lågare forbruk slår rett inn på økonomien, og dermed kan alt stoppe mellombels opp viss eit sjukdomsutbrot får halde på lenge nok.

Kjelde: odin-bloggen

– Så langt ser vi ikkje dei store utslaga i den norske økonomien, men dette er noko vi følgjer svært tett, seier Sanner til NTB.

Noreg er godt førebudd

– Kva tiltak vurderer de?

– Eg vil vere varsam med å spekulere på det, men vi har i Noreg god erfaring med å handtere både tilbakeslag i økonomien og kriser. Det betyr at vi er svært godt førebudde viss det skulle få utslag i norsk økonomi, seier han.

Børsane i verda har rasa

Virusutbrotet har ført til eit ras på omkring ti prosent på børsane rundt om i verda. Det norske oljefondet har falle med over 700 milliardar kroner på kort tid. Samtidig viser ferske tal at Kina, den nest største økonomien i verda, nærast har stoppa heilt opp på grunn av virusutbrotet.

«Svært god beredskap»

Sjølv om den norske økonomien førebels ikkje har fått virussmitte, kan eit tilbakeslag hos handelspartnarane våre òg

Fakta om korleis ein kan unngå smitte

  • God handhygiene, som å vaske hendene ofte.
  • Unngå personar som har symptom på luftvegssjukdom.
  • Bruk Antibac (handdesinfeksjon) viss du ikkje kan vaske hendene.
  • Nys/host i eit papir som du kastar etterpå, eller i olbogekroken.
  • Folkehelseinstituttet tilrår ikkje at friske folk bruker munnbind.

Kjelde: ung.no

påverke ein liten, eksportretta og open økonomi som den norske.

Statsminister Erna Solberg (H) åtvarar om at aktiviteten kan bli lågare i Noreg.

– Viss dette blir langvarig og ein global resesjon (nedgang), kan det føre til lågare aktivitet i norsk økonomi, seier  Solberg til NTB.

Vi har gode reservar

Både ho og Sanner er likevel klare på at Noreg har svært gode føresetnader for å kunne handtere ei eventuell krise. Svært gode statsfinansar er éin viktig buffer.

– Vi har alle verktøya dersom det skulle vere nødvendig. Den økonomiske beredskapen vår er svært god. Vi har handtert krevjande situasjonar før, seier Sanner.

Oljekrisa i 2014

Det vart behov for ekstraordinære tiltak i norsk økonomi då oljeprisen fall som ein stein i 2014. Prisfallet fall saman med ein nedgang i dei norske oljeinvesteringane. Den kraftige migrasjonsbølgja hausten 2015 gav òg økonomiske utfordringar for Solberg-regjeringa.

Før helga fall oljeprisen under 50 dollar fatet, men Sanner vil nødig gå inn på kva det meir konkret kan bety for økonomien i Noreg.

Store utslag på børsane

– Vi har sett relativt store utslag på dei internasjonale børsane. Dei har falle, og råvareprisane har òg falle. Det kan få konsekvensar for veksten internasjonalt og veksten hos handelspartnarane våre, seier finansministeren.

Han minner elles om at situasjonen i norsk økonomi for tida er lys med låg arbeidsløyse, stigande sysselsetjing og 40.000 nye arbeidsplassar i privat sektor berre det siste året.

Oppgang på børsane igjen

Både i Europa og Asia var det måndag kraftig børsoppgang etter at fleire sentralbankar har varsla tiltak for å dempe effektane av viruskrisa.

Også Oslo Børs steig igjen. Men framleis er det uvisst kva konsekvensar koronaviruset kan få økonomisk.

 

Finansminister Jan Tore Sanner (H) har ei velfylt verktøykasse viss den norske økonomien skulle bli smitta av koronaviruset.

Mest lest