Bildetekst: Ikkje putt leiker og andre ting i steikjeomnen for å desinfisere dei for koronaviruset. Det kan lett føre til brann og er eit råd brannvesenet ikkje har nokon sans for.

Shutterstock / NTB scanpix

Ikkje legg gjenstandar i steikjeomnen for å drepe virus

HelseDet kjem mykje fakta og gode råd, men det svirrar òg mange rare tips og falske nyheiter i desse korona-tider. Skjerp di eiga fornuftskjensle, og sjekk kjeldene grundig.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Eit råd om å desinfisere leiketøy i steikjeomnen blir ikkje teke nådig opp av 110-sentralen i Hordaland.

Fakta om falske nyheiter

  • «Falske nyheiter» er eit omgrep som ofte blir brukt om nyheitsliknande saker som ser ekte ut, men som heilt eller delvis er basert på løgn, eller der det er utelate informasjon for å skape ein bestemd vri.
  • Ofte er denne forma for falsk informasjon laga med vilje.
  • Målet kan vere å tene pengar, svindle deg, påverke dei politiske meningane dine, skape motsetjingar  eller skape forvirring i ei befolkning.
  • «Falske nyheiter» ser ofte ut som ekte nyheiter og kan vere vanskelege å oppdage.

Kjelde: Medietilsynet

Dei åtvarar sterkt imot det.

Fare for brann

I ei direktesending på NRK vart folk oppmoda til å leggje diverse gjenstandar i steikjeomnen på 75 grader for å drepe koronavirus. No får brannvesenet spørsmål om dette er lurt.

– Det tilrår vi ikkje! Vi har meir enn nok å gjere, og vi vil gjerne sleppe å rykkje ut til brann i leiker og aviser, tvitrar brannvesenet.

Reparer tennene sjølv?

Claes Thorbjørn Næsheim er fylkestannlege. Han har gitt folk råd om korleis dei kan fikse enkelte mindre tannskadar sjølv.

Tannlegane er særleg utsette

Tannlegane er særleg utsette for koronasmitte, sidan dei jobbar tett på spytt og slim. Når også fleire i denne yrkesgruppa for tida må jobbe heimanfrå fordi dei er i karantene, er presset på tannhelsetenesta stort. Næsheim ber derfor folk med mindre tannproblem om å vente med å oppsøkje tannlege.

Bruk sandpapir?

– Går det eit lite skal av tanna di og du har fått ein skarp kant mot tunga, så kan du bruke eit fint sandpapir og slipe litt sjølv. Det er litt av det same prinsippet som tannlegane bruker, seier Næsheim til NRK.

Andre tannlegar er einige med Næsheim. Tannlegeforeininga støttar råda hans.

– Men har du sterke smerter og er opphovna, så må du ta kontakt, understrekar presidenten i foreininga, Camilla Hansen Steinum overfor NRK.

Sjekkar fakta

Faktisk.no er ein uavhengig organisasjon som sjekkar om påstandar som kjem fram i nyheitsbiletet, er sanne eller falske.

Dei skriv om ei melding som vart delt i sosiale medium 12. mars, der det vart hevda at sonen til kommunal- og moderniseringsminister Nikolai Astrup (H) oppmoda folk til å hamstre hermetikk.

Oppmodinga er stikk i strid med tilrådingane frå styresmaktene. Innhaldet i meldinga stemde ikkje.

DNB åtvarar mot svindelforsøk

Denne veka gjekk banken DNB ut og åtvara om fleire bedrageriforsøk. Det er folk som prøver å utnytte koronakrisa.

Bedrageritrusselen aukar under katastrofar, både mot enkeltpersonar og bedrifter, åtvarar banken.

Mange falske sms-ar

Terje Fjeldvær er svindelekspert i DNB. Han seier det er mange svindelmetodar som no blir tekne i bruk.

– Det har mellom anna vore ein auke av falske sms-ar og e-postar der avsendaren gir seg ut for å vere frå Verdshelseorganisasjonen (WHO) eller Folkehelseinstituttet.

Falske helsearbeidarar

Fleire har òg fått telefonar frå personar som gir seg ut for å vere helsepersonell, og som seier at ein må betale fordi ein familiemedlem ligg på sjukehus med koronaviruset.

Ifølgje Fjeldvær er det òg rapportert om avanserte svindelmetodar retta mot enkelte bedrifter.

Mest lest