Soldatar sjekkar passasjerar. Det er innført reiserestriksjonar over heile Italia som følgje av korona-viruset, og berre dei som kan dokumentere at dei må reise, får det.

AP/NTB scanpix

Heile Italia i korona-karantene

HelseRegjeringa i Italia utvidar karantenetiltaka til å gjelde heile landet i ein desperat kamp mot koronaviruset. Talet på smitta og døde stig framleis raskt.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Frå no av må alle italienarar dokumentere at dei har god grunn viss dei vil reise utanfor områda dei bur i.

Fakta om spreiinga av koronaviruset

  • Koronaviruset spreier seg stadig, og måndag var det registrert 117.339 smittetilfelle og 4.251 dødsfall fordelte på 107 land og territorium.
  • Desse er hardast ramma:
  • Kina: 80.754 smittetilfelle, og 3.136 døde
  • Italia: 10.149 smittet, 631 døde
  • Iran: 8.042 smittet, 291 døde
  • Sør-Korea: 7.513 smittet, 54 døde
  • Frankrike: 1.784 smittet, 33 døde
  • Japan: 420 smitta, 12 døde
  •  I Noreg har Folkehelseinstituttet stadfesta 277 virustilfelle. Sverige melder om 326 tilfelle, Island 69, Danmark 262 og Finland 40.

Kjelder: AFP, WHO, NTB

– Tiltaka som fram til no har omfatta den «raude sona» i Nord-Italia, skal gjelde heile landet. Det opplyste statsminister Giuseppe Conte måndag kveld.

Heile Italia

– Det vil ikkje lenger berre vere ei raud sone. Det vil vere eitt Italia, eitt verneområde, sa Conte i ein TV-send tale.

Han bad alle italienarar halde seg heime og avlyse alle offentlege samankomstar.

All idrett blir innstilt

I tillegg blir all italiensk idrett innstilt, inkludert toppfotballen. Alle skular og universitet vil vere stengde fram til 3. april.

Tysdag kveld opplyste styresmaktene i Italia at talet på smitta i landet har passert 10.000. I alt 10.149 tilfelle er registrerte.

Det er nye dødsfall

Styresmaktene opplyste òg at talet på menneske som er døde som følgje av virusepidemien, hadde auka frå 463 til 631 på berre eit døgn.

Sjukehusa er fulle

Sjukehusa nord i Italia er i ein svært pressa situasjon. Ein lege fortel om harde prioriteringar av kven som skal få behandling for virussmitte.

I Bergamo i Nord-Italia er situasjonen kritisk, fortel anestesilegen Christian Salaroli på Papa Giovanni XXIII-sjukehuset i byen.

Vi må prioritere hardt

– Vi må velje kven vi skal behandle, og kven vi ikkje skal behandle, ut frå alder og helsetilstand. Det er som i ein krig. Folk må halde seg heime, seier han til den italienske avisa Corriere della Sera.

Får bøter viss dei bryt forbodet

Brot på reiserestriksjonane i Nord-Italia kan straffast med bøter på over 2.000 kroner.

På hovudvegane er det sett opp vegsperringar, og politifolk og soldatar kontrollerer reisande på den største togstasjonen i Milano.

 

Gater over heile Italia ligg meir eller mindre øyde på grunn nye reglar som skal hindre vidare spreiing av korona-viruset.

Stengde turiststader

Turistattraksjonar over heile landet er stengde, og dei neste fire vekene er det ikkje mogleg å besøkje verken Colosseum eller Vatikanmusea i Roma eller vulkanen Vesuv utanfor Napoli.

Måndag vart òg alpinanlegga i Alpane stengde.

WHO støttar tiltaka

Dei nye tiltaka får full støtte frå Tedros Adhanom Ghebreyesus. Han er leiar for Verdshelseorganisasjonen (WHO).

– Vi er oppmuntra av at Italia har innført aggressive tiltak for å stoppe epidemien, sa han.

Krakk på børsen

Tiltaka går svært hardt utover den italienske økonomien, og måndag var det krakk på børsen i Milano. Den viktigaste indeksen stupte 11,2 prosent, eit endå kraftigare fall enn på dei andre store europeiske børsane. Nedgangen heldt fram tysdag med eit fall på 3,3 prosent.

Den mørkaste timen

Statsminister Conte seier situasjonen får han til å tenkje på talane som den britiske statsministeren Winston Churchill heldt under andre verdskrigen.

– Dette er den mørkaste timen. Men vi skal klare det, seier Conte til avisa La Repubblica.

Mest lest