Shutterstock / NTB scanpix

Du får meir enn eit kick av musikk

KulturMusikken har enorm påverknadskraft. Faktisk er det ingen annan menneskeleg aktivitet vi kjenner til, som påverkar hjernen i like stor grad som musikk.

  • © NTB
  • Publisert:

Dette har musikarar visst i alle år. Men no stadfestar òg forskinga dette.

Fakta om musikk

  • Musikk blir framført med eit enormt mangfald av instrument og med vokale teknikkar frå vanleg song til mellom anna rapping.
  • Ordet musikk stammar frå den greske nemninga mousike.
  • I mange kulturar er musikk ein vesentleg del av folks liv og livsstil og speler ei nøkkelrolle i religiøse ritual, seremoniar og sosiale og kulturelle aktivitetar.

Kjelde: Wikipedia

Ein gammal favorittlåt kjem på radioen, og minna strøymer plutseleg på. Du hugsar nøyaktig kvar du var, kven du var saman med, og kva du følte då du høyrde låten første gongen.

Musikk gir energi

Eller du trenar på ei tredemølle og er i stand til å setje inn eit ekstra gir på grunn av den energiske musikken på øyret.

Ein trist låt set kjenslene i sving.

Musikk er noko heilt fundamentalt

Forsking på nervesystemet viser altså at musikken har effekt på oss. Men denne effekten er ikkje først og fremst tillært eller ei følgje av kultur eller alder.

Musikk er noko heilt fundamentalt i mennesket.

Barn blir roa av song

Geir Olve Skeie er nevrolog og professor i musikk. Ein nevrolog er ein lege som er spesialist på nervesystemet.

– Alle pattedyr har ein slags musikalitet. Det går signal direkte frå øyret til dei kjenslestyrte sentera i hjernen. Derfor blir til dømes babyar roa ned av den rolege songen til mor, seier han.

Det er eit ur-instinkt

Han fortel at dette handlar om heilt fundamentale ur-instinkt, truleg forløparen til talespråket, som gjennom mange tusenår har vorte stadig meir utvikla, seier Skeie.

Musikk er ei magisk kraft

Skeie har saman med Are Bean nyleg gitt ut boka «Musikk og hjernen – om musikkens magiske kraft og fantastiske virkning på hjernen».

I boka går dei to forfattarane grundig til verks for å kaste lys over kva musikken betyr for hjernen og kulturen.

«Lyser opp» hjernen

Studiar som er gjorde mellom anna med PET-skannarar, stadfestar at musikk gjer at mange område i både den venstre og høgre hjernehalvdelen «lyser opp» samtidig. Musikk er med andre ord hjernetrim.

– Den største hjerneaktiviteten som er målt, er hos pianistar som speler etter notar. Dette er ein uhyre kompleks aktivitet, som aktiverer absolutt heile hjernen, seier Are Bean.

Hjelper berre å lytte til musikk

Sjølv om ein ikkje er aktiv musikkutøvar, men berre lyttar til musikk, er effekten på hjernen stor.

Frode Barth er jazzmusikar og komponist. Han er ikkje overraska over det den nyaste nevroforskinga viser.

Det å lytte til musikk gir mange mykje god energi. Foto: Shutterstock / NTB scanpix

Shutterstock / NTB scanpix

Eit fyrverkeri i hovudet

– Forskinga dokumenterer eigentleg det vi som jobbar med musikk til alle tider har visst og hevda: at det er eit fyrverkeri i hovudet når ein speler eller høyrer på musikk.

– Hos elevane mine har eg sett mange eksempel på korleis det å studere og spele musikk hjelper dei i livet, seier Barth.

Musikk vekkjer kjensler

Ein av elevane hans, Maria Blom-Hellum, som snart er 16, lærer å spele bass og håper å komme inn på musikklinje på vidaregåande til hausten.

– Det kjennest på ein måte naturleg å drive med musikk. Det vekkjer så mange ulike kjensler, forklarer Blom-Hellum.

Mest lest