Kunstnarar har alltid vore fascinerte av nattverdsmåltidet i kristendommen. Motivet er måla og tolka i tallause variantar. Fotografen David LaChapelle har tenkt at disiplane kunne ha sett ut slik om dei kom tilbake i vår tid.

Flickr/NTB scanpix

Det mest berømte måltidet i verda fann stad for 2000 år sidan

KulturEi gruppe fattigfolk sat rundt eit bord for om lag 2000 år sidan. Dette måltidet er det mest berømte i historia - og har vore eitt av dei mest populære motiva i kunsthistoria.

  • © NTB
  • Publisert:

Det er ikkje så lenge til påske. Sjølv om påska kanskje blir litt annleis i år på grunn av korona-krisa, får vi likevel fri. Og for dei fleste av oss er skjærtorsdag den første fridagen i ei etterlengta påskehelg – anten vi er kristne eller ikkje.

Fakta om nattverden

  • Nattverden er eit rituelt måltid som utgjer ein viktig del av den kristne gudstenesta.
  • Under nattverden et dei kristne brød og drikk vin, som symbol på Jesu kropp og blod.
  • Utgangspunktet for nattverden er historiene frå evangelia i Det nye testamentet.
  • Der står det at Jesus, kvelden før han vart korsfesta, oppmoda disiplane til å ete brød og drikke vin, slik at syndene deira skulle bli tilgitt.
  • Jesus bad disiplane om å sjå brødet og vinen som kroppen hans og blodet hans.
  • Jesus oppmoda disiplane til å gjere dette til minne om han.
  • Nattverds-kvelden blir kalla skjærtorsdag.

Men for kristne betyr skjærtorsdag litt meir. Det var dagen då Jesus heldt det siste måltidet, nattverdsmåltidet, saman med disiplane. Det er ein svært viktig religiøs dag.

Eitt av dei mest brukte motiva

I kunsten har dette måltidet vore eitt av dei aller mest brukte motiva gjennom historia.

Simen K. Nielsen er historikar med kunst som spesialitet. Han seier at dette siste måltidet har fått ein fundamental plass i den kristne ikonografien. Ikonografi betyr kunnskap om innhaldet og kva biletet betyr.

Speler på kjensler

– Nattverden er eit motiv som speler sterkt på både kjensler og intellekt, seier Nielsen.

Nattverdsmåltidet er ikkje berre ein av dei mest dramatiske episodane i dei bibelske evangelia – det har òg ei sterk symbolsk tyding som opphav til det kristne ritualet med nattverden.

Dette er eit meir tradisjonelt bilete av nattverden. Det er laga av mosaikk. Foto: Shutterstock / NTB scanpix

Har vore viktig

– Avbildingane av påskemåltidet har vore viktig for mange truande, seier Nielsen.

– Nattverden har vore blant dei mest debatterte hendingane i kristendommen, seier Nielsen.

– Nattverden bidrog til å splitte kristendommen i tallause kyrkjesamfunn og grupperingar. Likevel vart nattverden eit tema som både katolske og protestantiske målarar tok for seg.

Eit stort drama

Det siste måltidet er både eit religiøst mysterium og eit menneskeleg drama.

–  Derfor har det vore så populært blant kunstnarane, meiner Nielsen

Under nattverden et dei kristne brød og drikk vin. Brødet og vinen er symbol for Jesu kropp og blod.

 

Mest lest