Mange britar hadde møtt opp for å feire at Storbritannia gjekk ut av EU natta til 1. februar. Folk veiva med britiske flagg og jubla over at landet har fått fridommen tilbake.

REUTERS/Simon Dawson/NTB scanpix

Storbritannia er ute av EU – for første gong krympar unionen

Politikk47 år og 1 månads EU-medlemskap tok slutt for Storbritannia natta til 1. februar. Landet er det første som melder seg ut av unionen. EU står att med 27 medlemmer.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Då klokka slo tolv ved midnatt 31. januar, markerte det slutten på ein tre og eit halvt år lang utmeldingsprosess. Det skjedde etter at eit knapt fleirtal av britane – 51,9 mot 48,1 prosent – stemde for å gå ut av EU i folkeavstemminga i 2016.

Fakta om brexit

  • I 2016 stemde eit knapt fleirtal i Storbritannia for å gå ut av EU – 51,9 mot 48,1 prosent.
  • Våren 2017 sette statsminister Theresa May i gang den formelle, to år lange utmeldingsprosessen.
  • Etter mange utsetjingar vart  Mays etterfølgjar, Boris Johnson, einig med EU om ein utmeldingsavtale i oktober 2019.
  • Etter eit nyval i Storbritannia i fjor haust vart avtalen vedteken. Dronninga godkjende avtalen 23. januar i år.
  • Etter 47 års medlemskap gjekk britane ut av EU fredag 31. januar 2020.
  • Den 1. februar starta ein overgangsperiode, som skal vare ut året.
  • Dei neste elleve månadene er forpliktingane dei same som før, samtidig som Storbritannia forhandlar med EU om korleis dei skal ordne seg i framtida.

Det er ein start

– Dette er ikkje ei avslutning, men ein start. Ein ny dag gryr, og teppet går opp for ei ny akt, sa statsminister Boris Johnson i ei videohelsing ein time før utmeldinga var eit faktum.

Han gjentok òg at det er regjeringa som no må sørgje for å samle landet og føre det vidare.

Feira framfor Parlamentet

I London hadde mange samla seg på plassen framfor parlamentsbygningen for å feire at dagen dei har venta på, endeleg var kommen.

Politikaren Nigel Farage blir rekna som ein av dei største forkjemparane for brexit. Han hadde invitert til fest, og akkurat som han hadde lova, stemde eit orkester i med nasjonalsongen idet utmeldinga var eit faktum.

– Vi har vorte frie

Politikaren Ann Widdecombe førte Brexitpartiet ut av Europaparlamentet i Brussel på formiddagen fredag 31. januar. Deretter tok ho toget heim til London og var med på festen der.

– Vi har vorte frie til å bestemme korleis vi skal drive handel, korleis lovene våre skal vere, og korleis vi kontrollerer grensene. Det at vi vaknar i eit fritt land i morgon, er Brexitpartiets forteneste, sa Widdecombe.

Tende på EU-flagget

Fasadane på mange offentlege bygg var lyssette i raudt, kvitt og blått, og folk veiva med britiske flagg.

For somme var det ikkje nok å feire med eigne flagg, dei trakka òg på EU-flagget. Ein mann som hadde på seg «Union Jack»-klede, sette til og med fyr på eit EU-flagg.

«Bye-bye, EU, bye-bye!» ropte nokre av brexittilhengjarane på plassen.

Somme gjorde meir enn å vifte med britiske flagg og trakka på EU-flagget då britane gjekk ut av EU natt til 1. februar. Foto: Frank Augstein / AP / NTB scanpix

Ikkje alle var glade

Somme av dei som gjerne hadde sett at Storbritannia vart verande i EU, svarte med eigne rop.

Advokat Alice Cole Roberts var ein av dei som ikkje såg nokon grunn til å feire at 47 års medlemskap er slutt.

– Det er ein svært trist dag. Eg er svært opprørt over at vi går ut av EU, og skulle heilt enkelt ønskje at det ikkje hadde skjedd, seier ho.

Mottaking i Downing Street

Den britiske regjeringa valde ei meir nedtona markering av utmeldinga: Ei klokke som talde ned, vart projisert på fasaden til statsministerbustaden i Downing Street nummer 10.

På innsida samla statsminister Boris Johnson ministrar, rådgivarar, embetsfolk og brexitforkjemparar til ei mottaking.

Skotsk skuffelse

Medan det var mest jubel i London, var stemninga annleis i Skottland. Der stemde 62 prosent for vidare EU-medlemskap i 2016, og i Edinburgh skal EU-flagget framleis vaie utanfor det skotske parlamentet.

– Brexit er ei svært trist stund for mange i heile landet. Her i Skottland, der det store fleirtalet ville halde fram i EU, vil sorga ha ein snev av sinne, seier førsteminister Nicola Sturgeon.

Vil ha ny folkeavstemming

Sturgeon er leiar for det skotske nasjonalistpartiet SNP, som krev å få halde ei ny folkeavstemming om lausriving frå Storbritannia. Boris Johnson seier at det ikkje er aktuelt å gå med på kravet.

Denne veka viste ei meiningsmåling at det er eit knapt fleirtal for sjølvstende i Skottland. 51 prosent svarte at dei meinte Skottland bør bli ein sjølvstendig nasjon. For vel ein månad sidan var talet 44 prosent.

Denne videoen er over eit år gammal, men forklarer litt av bakgrunnen for brexit.