Ulrikke Brandstorp framførte vinnarsongen «Attention» etter å ha vunne finalen i MGP i Trondheim spektrum. Tekniske problem rundt avstemminga øydela mykje for MGP i år.

Tore Meek / NTB scanpix

Stemmekaos øydela for Melodi Grand Prix-finalen

KulturUlrikke Brandstorp vann Melodi Grand Prix. Men berre 30 personar i ein folkejury fekk stemme henne fram til sjølve finalen. Årsaka var at stemmesystemet til NRK braut saman undervegs.

  • © NTB
  • Publisert:

Vibeke Fürst Haugen er fungerande  kringkastingssjef. Ho beklagar at folk ikkje fekk stemme fram sin MGP-favoritt gjennom heile finalen.

Fakta om Melodi Grand Prix

  • Melodi Grand Prix er ein årleg norsk musikkonkurranse som blir arrangert av NRK.
  • Eit utval originale songar er med i konkurransen. 
  • Vinnaren får representere Noreg i Eurovision Song Contest. 
  • Melodi Grand Prix er eitt av programma som har levd lengst på tv i Noreg, og den første utgåva vart kringkasta i 1960.

Kjelde: Wikipedia

– Det ser ut som om det er 38 millionar emojiar som gjorde at dette braut saman, seier ho til Dagbladet.

Usikre på om alle fekk stemme

NRK er usikre på om alle fekk stemme under MGP-finalen laurdag, sjølv etter at dei tekniske problema var fiksa.

I sosiale medium hevdar mange fortvilte fans at dei ikkje fekk stemt, sjølv etter at systemet var oppe igjen.

Skal prøve å få svar

Christina Rezk Resar er fungerande direktør i underhaldningsavdelinga i NRK. Ho seier dei ikkje kjenner omfanget av problema med avstemminga enno.

–  Det eg har fått beskjed om, er at Noreg har valt ein vinnar, at stemmene kom inn, og at det var svært få som ikkje greidde å komme gjennom. Men dette er jo ein av dei tinga vi skal få svar på , seier Rezk Resar.

Systemet braut saman

Då publikum laurdag kveld skulle stemme fram dei fire favorittane blant dei ti deltakarane, braut systemet saman.

Dette førte til at NRK måtte ty til plan B, nemleg ein folkejury på 30 personar som på førehand hadde plukka ut fire favorittar, basert på studioinnspelingane av låtane.

NRK konkluderte raskt med at det var heilt uaktuelt å gjennomføre ei ny avstemming etter stemmekrøllet.

MGP-favoritt Rein Alexander rauk ut i stemmekaoset. – Det vart altså ikkje publikum som denne gongen fekk stemme favoritten sin vidare, men ein utvald jury, seier Rein Alexander, som var svært skuffa og lei seg. Foto: NTB scanpix

Ulrikke skal representere Noreg

Til sjuande og sist stod favoritten Ulrikke Brandstorp (24) igjen som vinnaren med popballaden «Attention».

24-åringen skal dermed representere Noreg i Eurovision i Nederland i mai.

Mest lest