Ein militæroffiser i vernedrakt informerer folk som er evakuerte til Polen frå Wuhan i Kina. Dei evakuerte blir frakta til ein militærbase i Polen, der dei må halde til ei tid i karantene.

Arek Rataj/AP/NTB scanpix

Rykteflaum om coronaviruset

HelseVerdshelseorganisasjonen (WHO) har bedt kommunikasjons- og sosiale medium-teamet sitt om å kjempe mot feilinformasjonen som florerer om Wuhan-viruset.

  • © NTB
  • Publisert:

Store mender falske nyheiter og konspirasjonsteoriar om virusutbrotet blir spreidde i sosiale medium for tida.

Fakta om coronaviruset

  • Eit hittil ukjent coronavirus, kalla 2019-novel coronavirus (2019-nCoV), har forårsaka eit utbrot av lungebetennelse i storbyen Wuhan i Hubei-provinsen i Kina.
  • Utbrotet starta i desember 2019, og helsestyresmaktene i Kina identifiserte viruset 7. januar 2020.
  • Viruset kan gi luftvegsinfeksjon hos menneske. I mange tilfelle har det berre gitt mild sjukdom, men det blir òg rapportert om tilfelle av alvorleg sjukdom og dødsfall.
  • Feber skal vere det vanlegaste symptomet på infeksjon. Sår hals er òg vanleg hos personar med mild sjukdom. Ein del har vorte diagnostisert med lungebetennelse med pustevanskar og/eller hoste.
  • Det finst inga spesifikk behandling eller vaksine mot viruset.

Kjelder: fhi.no og Aftenposten

I Noreg har eit innlegg med feilaktig informasjon vorte spreidd på Snapchat. I innlegget stod det at ein person som er smitta av Wuhan-viruset, har vorte innlagd på Ullevål sjukehus i Oslo. Opplysninga stemmer ikkje, opplyser sjukehuset.

Pressevakt Anders Beyer ved Oslo universitetssjukehus seier til NRK at ingen har vorte innlagde med viruset der.

Det er ikkje god underhaldning

– På akuttmottaket vårt blir det ein god del irritasjon. Vi blir triste over at nokon synest det er god underhaldning å spreie falske rykte, seier Beyer.

Det er ein massiv «informasjonsepidemi»

WHO fortalde søndag at virusutbrotet har ført til ein massiv «informasjonsepidemi», altså ein overflod av informasjon.

På fagspråket har coronaviruset fått den offisielle forkortinga 2019-nCoV.

Vil stoppe alle rykta

I WHO jobbar no ei eiga nettgruppe døgnet rundt for å fange opp dei rykta som kan utgjere ein folkehelserisiko. Det gjeld til dømes falske nyheiter om førebyggingstiltak og kurar.

Eitt av spørsmåla som Verdshelseorganisasjonen har fått, er om røyk og gass frå fyrverkeri kan stagge 2019nCoV-viruset. Nei, er svaret frå WHO. Dei seier at sjølv om fyrverkeri kan føre til brannskadar og irriterte auge, hals og lunger, øydelegg det ikkje viruset.

Eit bilete av Wuhan-viruset, som det ikkje finst nokon vaksine mot. Foto: AP / NTB scanpix

Viruset overlever ikkje på gjenstandar

Dei seier dei òg at dei har fått spørsmål om det er trygt å bestille pakkar frå Kina. Og det er det. WHO forklarer at både brev og pakkar som kjem frå det virusramma landet, er trygge.

– Frå tidlegare analysar veit vi at coronaviruset ikkje overlever lenge på gjenstandar, til dømes på pakkar eller brev, uttaler FN-kontoret.

Åtvarar mot kjemikaliar

Dei åtvarar òg folk mot å bruke oljer eller kjemikaliar for å hindre infeksjonar.

Det finst ingen vaksine mot viruset. Over 360 menneske har døydd av viruset så langt.

Feilinformasjon på Twitter

Førre veke skreiv VG om fleire nyoppretta Twitter-kontoar som spreidde feilinformasjon. Twitter-kontoane fortalde at avisa hadde publisert og så sletta ei sak om at viruset frå Kina hadde nådd Noreg. Det stemmer ikkje. Viruset har førebels ikkje nådd Noreg.

Mange konspirasjonsteoriar

VG skriv at det er mange mytar og konspirasjonsteoriar om coronaviruset.

Ein av konspirasjonsteoriane går ut på at det er eit legemiddelselskap som står bak utbrotet, og at dei har skapt viruset for å selje ein vaksine eller sikre eit patent.

Fleire indonesiarar fekk seg ein «dusj» med desinfiseringsmiddel då dei landa i Batam i Indonesia frå Wuhan i Kina søndag.  Foto: AP / NTB scanpix

Skal forstyrre Trump

Avisa Huffington Post skriv at denne teorien mellom anna stammar frå personar med band til konspirasjonsgruppa QAnon.

Ein annan teori går ut på at viruset er spreidd for å forstyrre valkampanjen til presidenten i USA, Donald Trump, slik at han ikkje blir attvald.

Viruset har ikkje komme til Noreg

Tysdag hadde Folkehelseinstituttet analysert 20 norske prøver, og ingen av dei har gitt positive utslag på Wuhan-viruset.

Prøvene er frå personar med luftvegssymptom som nyleg har vore i utbrotsområda i Kina eller hatt kontakt med personar som er smitta.

Ikkje så farleg

Folkehelsa oppdaterer oversikta si over prøveanalysar to gonger i veka, og den siste oppdateringa kom tysdag.

Coronaviruset skal ikkje vere så dødeleg, men det er svært smittsamt. Viruset er farlegast for eldre og personar som er sjuke frå før. Det finst førebels inga behandling eller vaksine mot viruset.

Mest lest