Datatilsynet er klare på at Kyrkja må avklare med dei som har sentrale roller i gudstenesta, og dei som blir fanga opp av kameraa, om ei gudsteneste skal strøymast på nettet.

Gorm Kallestad / NTB scanpix

Kyrkja må be om lov til å filme gudstenester

TeknologiDatatilsynet seier Kyrkja ikkje kan strøyme gudstenester på internett med mindre dei innhentar samtykke frå alle som er i kyrkja.

  • © NTB
  • Published:
  • Updated:

KA Arbeidsgivarorganisasjon for kyrkjelege verksemder og Kyrkjerådet har laga eit forslag til nye reglar der dei ville opne for å strøyme gudstenester.

Fakta om personvern

  • Personvern handlar om retten til privatliv og retten til å bestemme over eigne personopplysningar.
  • Dette prinsippet er forankra i den europeiske menneskerettskonvensjonen (EMK).
  • Den 13. mai 2014 vedtok Stortinget å styrkje vernet om den personlege integriteten ved å ta avgjerda om personvern inn i Grunnlova.

Kjelde: Datatilsynet

Både prestar og Datatilsynet har stilt seg kritiske til forslaget.

Ei offentleg handling

I forslaget vart det lagt vekt på at ei «gudstjeneste er en offentlig handling der tilstedeværende må være innforstått med at filming kan forekomme». Det skriv Vårt Land.

Men sokneprest Anna Ramskov Laursen reagerte på dei nye reglane. Ho meinte dei er i strid med den nye personvernlova.

KA heldt fast på sitt syn og svarte at det var vanskeleg å tenkje seg eit meir offentleg rom enn ei kyrkje.

Datatilsynet er klar i sin dom

No har likevel Datatilsynet vurdert reglane. Tilbakemeldinga deira seier klart at Kyrkja må avklare med dei som står sentralt i gudstenesta, og også med dei som blir fanga opp av kameraa.

Alle må vere samde

Ylva Marrable er seksjonssjef i Datatilsynet. Ho seier  at nattverden under vanlege gudstenester ei personleg religiøs handling for mange. For å ta vare på folks personvern bør ein derfor bruke eit pausebilete eller flytte kameraa.

– Dersom ein ønskjer å filme dåp, bryllaup og liknande må det hentast inn samtykke frå dei involverte, seier Marrable.