Klesindustrien kan ha store utslepp av kjemikaliar. Fagforeininga Handel og kontor ønskjer å stille krav om klima-sertifiserte arbeidsklede i tariff-forhandlingane. Organisasjonen meiner det vil ha mykje å seie dersom dei store næringane byrjar å stille denne typen krav i tariff-forhandlingane.

Nina Haabeth/NTB scanpix

Handel og kontor vil ha klimakrav inn i lønnsoppgjeret

MiljøKrav om pensjonssparing i grøne fond og støtte til månadskort kan bli blant krava i lønnsforhandlingane i år. Det er første gongen at klimakrav blir ein del av eit lønnsoppgjer.

  • © NTB
  • Published:

Trine Lise Sundnes er leiar i fagforeininga Handel og kontor (HK). Ho er stolt over at HK er det første forbundet som løftar klimakrav inn i tarifforhandlingane.

Fakta om tarifforhandlingar

  • Ein tariffavtale er ein skriftleg avtale mellom ei arbeidsgivarforeining og eit fagforbund.
  • Avtalen dreier seg om lønn, arbeidstid, ferie og andre forhold som gjeld dei rettane og pliktene dei tilsette har i arbeidsforholdet.

Kjelde. ndla.no

I januar vedtok forbundet, som er det nest største i privat sektor i LO, at klima skal vere eitt av krava i forhandlingane i år.

Vil ha heile LO med på klimakrav

No kjempar HK-leiaren for å få heile LO-familien til å stille seg bak kravet. Då må ho få det inn i den politiske uttalen til LO. LO skal vedta denne uttalen under representantskapsmøtet 18. februar.

– Krava vil få ei heilt anna tyngd dersom heile LO frontar dei og ikkje berre HK i oppgjeret sitt, fastslår ho.

NHO vil vite meir

Motparten, arbeidsgivarorganisasjonen NHO, seier dei må få vite meir om kvifor Handel og kontor vil ha desse krava inn i lønnsoppgjeret. Arbeidslivsdirektør Nina Melsom i NHO er likevel open for å diskutere det.

– Vi i NHO vil sjølvsagt ha ein dialog om korleis arbeidsgivarane og arbeidstakarorganisasjonen saman kan bidra til det grøne skiftet. Men det er mange viktige samfunnsforhold som ikkje er tariff-festa, til dømes samferdsel og helse, skriv Nina Melsom i ein e-post til NTB.

Forhandlingar i starten av mars

Kva konkrete klimakrav HK skal leggje på bordet i forhandlingane, avgjer dei først i forbundsstyremøtet i starten av mars.

Men Sundnes gir nokre døme på kva slike krav kan vere.

Grøne fond er ei bra investering

Det kan til dømes vere eit krav om at innskotspensjon, ei ordning der arbeidsgivaren har plikt til å setje av pengar i ei pensjonsordning, skal investerast i grøne fond.

Krav om klimasertifisert arbeidstøy er eit anna mogleg klimakrav.

Store utfordringar i tekstilindustrien

– Det er store utfordringar knytte til kjemikalieutslepp i tekstilindustrien. Det kunne fått mykje å seie dersom dei store næringane byrja å stille den typen krav.

Kompiskøyring og månadskort

I dei lokale forhandlingane kan klimakrav til dømes vere godtgjering for kompiskøyring til og frå jobb og støtte til månadskort i staden for parkeringsplassar i byane.

– Eit større spørsmål å sjå på er om alle verksemder som er bundne av ein tariffavtale, bør ha ein eigen klimarekneskap. Dei tillitsvalde bør vere med å sjå på korleis kvar enkelt bedrift kan kutte utsleppa, seier Sundnes.

Fagrørsla er ikkje ei sinke

HK-leiaren meiner det er viktig at fagrørsla ikkje verkar som ei sinke i miljø- og klimapolitikken.

– Eg trur vi må ta innover oss at fagrørsla ikkje har gjort nok. No må vi semjast om korleis vi kan bidra, og fokusere på at dei omstillingane som kjem, skjer på ein rettferdig og god måte, seier ho.

Avtroppande leiar Trine Lise Sundnes i Handel og Kontor håpar ho kan blir hugsa som den som fekk klimakrav inn i tarifforhandlingane. Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix