Er du blant dei utskjelte B-menneska som liker å sove lenge om morgonen? Då kan du skulde på gena dine. Men du kan òg ta grep for å sove betre om natta!

Illustrasjonsfoto: Berit Roald /NTB scanpix

Gena kan påverke om du er A- eller B-menneske

HelseDet finst ein samanheng mellom gen og døgnrytme. Det viser forskninga.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Fakta om søvn

  • Kroppen er laga slik at vi blir trøytte når det blir mørkt. Då skil vi nemleg ut eit stoff som heiter melatonin, i kroppen.
  • Melatonin er eit hormon som styrer døgnrytmen. Om dagen, når det er lyst, lagar ikkje kroppen melatonin.
  • Når du søv, gjer hjernen seg klar til ein ny dag.
  • Cellene dine reparerer seg sjølve.
  • Kroppen produserer viktige hormon.
  • Med åra treng du ulike mengder med søvn.
  • Babyar: 16 timar
  • 3-18 år: 10 timar
  • 19-55 år: 8 timar
  • Over 65 år: 6 timar

Dersom du er ein av dei som liker å sove lenge om morgonen, kan ingen lenger seie at det er fordi du er lat. Døgnrytmen din er nemleg langt på veg arveleg. Det viser ein forskingsstudie.

Forskning.no har tidlegere skrevet om denne studien.

700.000 menneske deltok i studien

Nesten 700.000 menneske frå USA og Storbritannia har vore med i kjempestudien, som blei publisert i tidsskriftet Nature communications i fjor.

Deltakarane har svart på spørsmål om søvnrytmen sin, mens ei gruppe på nesten 85.000 har hatt på seg eit aktivitetsband som har målt søvnvanane deira.

Forskarane har dessutan hatt tilgang til kart over gena til deltakarane. Alle har fått arvemateriala sine kartlagde.

Gena påverkar

Dei som hadde gen som forskarane koplar til det å komme seg tidleg opp om morgonen, stod i gjennomsnitt opp 25 minutt tidlegare enn dei som hadde arvemateriale med kveldsprofil. Dei var òg 25 minutt tidlegare i seng.

Forskarane fann ingen samanheng mellom det å ha «kveldsgen» og høgare kroppsmasseindeks (BMI) eller diabetes type 2. Men morgonfuglane hadde i gjennomsnitt ei lita aning betre mental helse.

Svært samansett

Forskarane understrekar at døgnrytme er eit svært samansett fenomen. Døgnrytmen blir òg påverka av andre livsfaktorar, som kva vi et, og når vi arbeider.

Menneske som har eit arvemateriale som blir knytt til det å vere morgonfugl, legg seg og står opp ein halvtime tidlegare enn dei som har genetisk kveldsprofil, viser ny forskning.

Illustrasjonsfoto: Sara Johannessen / NTB scanpix

Mest lest