45 millionar menneske i den sørlege delen av Afrika er trua av hungersnød på grunn av tørke.

Michael Kamber, UNICEF / SCANPIX

Fare for hungersnød etter ekstremtørke i Afrika

Miljø45 millionar menneske i den sørlege delen av Afrika er trua av hungersnød. Det opplyser FN. Hovudårsaka er klimaendringar.

  • © NTB
  • Published:

Dei siste fem åra har heile sørspissen av det afrikanske kontinentet mangla store mengder regn.

Fakta om hungersnød

  • Hungersnød betyr at ein stor del av befolkninga i eit område er underernærte, og at eit veksande tal menneske omkjem av svelt.
  • Vi kan skilje mellom naturleg hungersnød og menneskeskapt hungersnød.
  • Naturleg hungersnød heng saman med dårlege avlingar, insektplager, naturkatastrofar, klimaendringar og liknande.
  • Menneskeskapt hungersnød kan vere eit resultat av krig eller folkemord.

Kjelde: Wikipedia.

I området stig temperaturen dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet.

Klima på toppen av mange kriser

I Zimbabwe føyer tørken seg inn i rekkja av kriser som omfattar alt frå inflasjon til mangel på kontantar, bensin, medisinar, vatn og elektrisitet.

Tørken gjer at bøndene ikkje maktar å avle nok mat til å mette befolkninga, og det er lite som tyder på at dette skal endre seg.

Fryktar at det blir verre

– Denne svoltkrisa er av eit omfang vi ikkje har sett før, og alt tyder på at ho kjem til å bli verre, seier regiondirektør Lola Castro i FNs matvareprogram (UNWFP).

FN-organisasjonen opplyser at 60 prosent av befolkninga i Zimbabwe, rundt 15 millionar menneske, i dag trua av matmangel.

Ekstreme vêrforhold

Ekstreme vêrforhold har vorte vanlegare i dei sørlege delane av Afrika dei siste åra.

I motsetning til den ekstreme tørken området no står overfor, er det ikkje lenge sidan eit våtare ekstremvêr ramma det sørlege Afrika.

Vart ramma av syklon

I mars i fjor herja den tropiske syklonen Idai i Zimbabwe, Mosambik og Malawi. Over tusen menneske omkom i syklonen.

Desperate tider, desperate tiltak

Tørken har òg ramma nabolandet Zambia. For å møte matbehovet til dei 2,3 millionar innbyggjarane som står i fare for å svelte, er det stort behov for finansiering.

FNs matvareprogram treng over 300 millionar kroner for å dekkje matbehovet, men berre ein tredel av summen er på plass.

Fleire stel mat

Matmangelen i Zambia har ført til at fleire stel mat og andre verdiar frå andre.

Det blir òg rapportert om kvinner som sel sex utan kondom for å kunne brødfø familiane sine.

Mange  ville dyr døyr

I provinsen Noord-Kaap i Sør-Afrika er dyra vande til varme og tørre forhold, men også desse må gi etter for det ekstreme vêret.

Ifølgje organisasjonen Wildlife Ranching South Africa har to tredelar av dei ville dyra i provinsen døydd på grunn av tørken.

Det er ein katastrofe

Den sørafrikanske regjeringa ser situasjonen som ein katastrofe og har løyvd 181 millionar kroner i støtte til provinsen.

Bøndene i området har mista mellom 40 og 70 prosent av husdyra sine dei to siste åra. Nokre av dyra døyr av tørst og overoppheting. Andre må sendast til slakting før tida på grunn av dei ulevelege forholda.