Svalbard er 100 prosent norsk, men andre land har lov til å drive ulike aktivitetar i området. Biletet viser den norske forskingsstasjonen i Ny-Ålesund på Svalbard.

REUTERS/NTB scanpix

100 år med norsk suverenitet over Svalbard

PolitikkI år er det hundre år sidan avtalen som sikrar norsk suverenitet over Svalbard, vart underteikna. Sidan har det vore viktig for Noreg å halde oppe aktiviteten på øygruppa.

  • © NTB
  • Published:

Avtalen om Svalbard vart underteikna 9. februar 1920 og slår fast at Noreg har suverenitet over Svalbard.

Fakta om Svalbard

  • Svalbard er ei norsk øygruppe i Arktis.
  • Øygruppa ligg nord for Fastlands-Europa, omtrent midt mellom Fastlands-Noreg og Nordpolen.
  • Namnet Svalbard har opphav i gammalnorsk og betyr noko sånt som «kjølig kant» eller «den kalde kysten».
  • Svalbardtraktaten er ein internasjonal avtale som sikrar «Norges fulle og uinnskrenkede» suverenitet over Svalbard.
  • Ein traktat er ein folkerettsleg bindande avtale.

Kjelde: Wikipedia.no

Men avtalen slår òg fast at folk frå andre land har rett til å komme dit og drive jakt, fiske og næringsverksemd.

Nettopp derfor har det vore viktig for Noreg å halde oppe den norske aktiviteten på øygruppa, mellom anna gjennom gruveverksemda.

Opp- og nedturar

Dei siste hundre åra har det vore både oppturar og nedturar. Nokre gonger har øygruppa komme i søkjelyset på grunn av tragiske ulykker, mellom anna Kings Bay-ulykka i 1962, der 21 menneske mista livet.

Andre gonger er det den spektakulære naturen, den strategiske plasseringa eller miljøsituasjonen som har sett Svalbard på kartet.

Fisk og verdspolitikk

Andreas Østhagen er seniorforskar ved Fridtjof Nansens Institutt. Han seier at Svalbard er svært viktig for Noreg, særleg med tanke på fiskeressursane i dei enorme havområda.

– Svalbard ligg òg midt mellom Russland og Nord-Amerika og er strategisk viktig dersom det skulle oppstå ein konflikt, seier han til NRK.

Russisk misnøye

Russland gav tidlegare denne veka uttrykk for misnøye med måten Noreg forvaltar delar av Svalbardtavtalen, særleg når det gjeld dei norske restriksjonane på russisk helikopterbruk, fiskevernsona og verneområda.

– Vi vil ikkje kutte i nærværet på Svalbard. Tvert imot har vi langsiktige planar om å styrkje det, skreiv den russiske utanriksministeren Sergei Lavrov i eit brev til den norske utanriksministeren, Ine Eriksen Søreide (H).

Gruvearbeidarane er klare til ei arbeidsøkt i Gruve V i fjellet i Adventdalen på 1960-talet. Alle sit saman i jernbanevogna. Heisen førte dei tre kilometer inn i til gruva i fjellet. Foto: Aage Storløkken / Aktuell / NTB scanpix.

– Noreg må vere til stades

Geir Hønneland er forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi). Han seier at Russland fleire gonger har reagert på den norske handteringa av traktaten om Svalbard. Ein traktat er ein folkerettsleg bindande avtale.

Brevet frå Russland er ein gjengangar, og det er ikkje første gongen russarane reagerer på den norske Svalbard-politikken, fortel Hønneland.

Ikkje heilt norsk?

– Det sit nok litt i, denne russiske oppfatninga om at Svalbard eigentleg ikkje er heilt norsk, og at Russland er den andre staten som har ein slags deleigarskap i øygruppa. Inntrykket mitt er òg at sovjetiske og seinare russiske medium har skapt eit slags inntrykk av at dette er eit felles område, seier Hønneland til Aftenposten.

Svalbard er 100 prosent norsk

Østhagen understrekar at det ikkje er nokon tvil om at Svalbard er 100 prosent norsk. Men han legg til at Noreg kan risikere at andre land får eit sterkare fotfeste på Svalbard om vi ikkje er til stades der.

– Noreg er nøydd til å vere til stades. Akkurat slik vi var til stades då avtalen vart underteikna for hundre år sidan, så har vi halde oppe dette nærværet gjennom kol, forsking og turisme i hundre år. Og så må vi halde fram med det i hundre år til, seier han.