Nord- og Sør-Trøndelag vart slått saman til eitt fylke for to år sidan - og fekk då også nye skilt. Frå årsskiftet har fleire fylke vorte slått saman. Språkrådet meiner det fint går an å nytte dei gamle områdenamna.

Gorm Kallestad/NTB scanpix

Språkrådet er positiv til bruk av gamle fylkesnamn

NynorskNoreg har fått mange nye fylkesnamn frå årsskiftet. Språkrådet meiner det framleis er fritt fram å bruke dei gamle namna som namn på geografiske område.

  • © NTB
  • Publisert:

Det er Trønder-Avisa som kjem med gladnyheita til alle trønderar som ikkje ser seg sjølve berre som trønderar, men som nordtrønderar eller sørtrønderar – eller som midttrønderar for den saks skuld.

Fakta om dei nye fylka

  • Viken fylke (Akershus, Buskerud og Østfold)
  • Oslo fylke
  • Innlandet fylke (Hedmark og Oppland)
  • Vestfold og Telemark fylke (Vestfold og Telemark)
  • Agder fylke (Aust-Agder og Vest-Agder)
  • Rogaland fylke
  • Vestland fylke (Hordaland og Sogn og Fjordane)
  • Møre og Romsdal fylke
  • Trøndelag fylke (Sør-Trøndelag og Nord-Trøndelag, slått saman frå 1. januar 2018)
  • Nordland fylke
  • Troms og Finnmark fylke (Troms og Finnmark)

Kjelde: NTB

Tidleg ute

Trøndelag var tidlegare ute enn resten av landet og vart eitt fylke allereie frå 1. januar 2018.

Ifølgje avisa er det mange som meiner at det no berre er dei nye namna som skal gjelde, men Språkrådet ser ikkje så firkanta på det.

Det er heilt greitt å bruke dei gamle namna så lenge det handlar om dei geografiske områda.

Det er fullt mogleg å bruke gamle namn

Daniel Gusfre Ims er seksjonssjef i Språkrådet. Han seier at det er fullt mogleg å bruke Nord-Trøndelag som namn på det geografiske området som før var Nord-Trøndelag fylke.

– Og det gjeld sjølv om fylket i dag er slått saman med tidlegare Sør-Trøndelag fylke til eit administrativt område som ber namnet Trøndelag, seier han.

Mange namn vil leve vidare

Ims trur mange av dei gamle fylkesnamna vil leve vidare som områdenamn, og nemner som døme Sunnmøre og Nordmøre og Ryfylke, Haugalandet, Jæren og Dalane i Rogaland.

– Folk i Østfold diskuterer no om dei framleis kan kalle seg østfoldingar. Det er typisk at dette spørsmålet kjem frå Østfold. Og svaret er ja. Dei kan kalle seg østfoldingar, fordi dei er frå eit geografisk område som framleis kan kallast Østfold, seier Ims.

Litt vanskelegare

Han er litt meir i tvil om kva folk i Akershus og Buskerud skal kalle seg.