Dette er eit bilete frå dokumentarfilmen «Selvportrett». Filmen følgjer fotokunstnaren Lene Marie Fossen. Fossen døydde av sjukdommen anoreksi.

Speranza Film / Norsk Filmdistribusjon.

«Selvportett» er ein krevjande film om anoreksi

HelseRegissørane Katja Høgset, Espen Wallin og Margreth Olin er aktuelle med filmen «Selvportrett», som handlar om anoreksi. – Det har vore enormt krevjande, men også svært givande, seier Olin om filmarbeidet.

  • © NTB
  • Publisert:

Filmen følgjer fotografen og kunstnaren Lene Marie Fossen tett. Ho var kjend som ein svært gåverik fotokunstnar, men i fjor gjekk ho bort, berre 33 år gammal. Då hadde ho bak seg ein langvarig kamp mot sjukdommen anoreksi.

Fakta om symptom på anoreksi

  •  Viss du har anoreksi, så kjenner du sannsynlegvis symptoma. Dei har vore ein vesentleg del av livet ditt i månader og kanskje år. Likevel vil du kanskje nekte for at du har eit problem, eller tru at du kan kontrollere det.
  • Her er ei liste over fysiske teikn og kjensler som finst ved anoreksi:
  • Du veg mykje mindre enn jamaldringar som er like høge som deg.
  • Du et svært lite, om noko i det heile, og du et berre visse typar mat.
  • Du er redd for å gå opp i vekt og for å bli stor, sjølv om du er særs tynn.
  • Du føler deg stor sjølv om andre seier at du er tynn.
  • Du vil ikkje innrømme at du har ein alvorleg sjukdom.
  • Dersom du er jente, kan anoreksien påverke hormona dine slik at du sluttar å ha menstruasjon.

Ei enorm smerte

– Ho portretterte andre, men også seg sjølv. Gjennom sjølvportretta evna ho å gi ansikt til den mest dødelege sjukdommen i psykiatrien og vise fram alle maskene han har – og den enorme smerta som følgjer sjukdommen, seier Olin før premieren 17. januar.

No håpar filmteamet at historia til Lene Marie Fossen kan bety noko for andre – og at filmen kan vere med på å auke forståinga og kunnskapen om sjukdommen.

Det vakre i det brutale

Olin understrekar at fotografia til Fossen handla om allmenn liding.

– Ho såg det vakre i det brutale og såg leik og vilje blant flyktningbarna ho møtte på strendene på Lesvos.

– Lene var modig

Lene Marie Fossen vart ein akta fotokunstnar.

– Lene var modig. Ho avkler sjukdommen og viser han fram i all sin brutalitet. Anoreksi er ein sjukdom full av reglar. Ho braut desse reglane når ho kasta av seg skamma og viste fram røyndommen sin. Eg trur bileta til Lene er viktige. Eg håpar at folk opplever filmen som det òg, seier filmskaparen, som svarer slik når ho får spørsmål om «Selvportrett» har vore ein vanskeleg film å lage:

Det har vore krevjande

– Ja, enormt krevjande, men også svært givande. Fleire gonger undervegs har eg som produsent teke eit steg tilbake og snakka inngåande med Lene og foreldra om vi skal halde fram med å filme eller leggje ned prosjektet. Det har vore sjølvsagt i dette prosjektet.

Olin seier det viktigaste var at filmen aldri skulle stå i vegen for behandlinga.

Vi tok lange pausar

– Vi tok fleire lange pausar i filminga. Lene ønskte filmen sterkt, og foreldra har støtta dette heile vegen. Heilt på slutten hadde vi denne samtalen på nytt. Eg måtte kjenne meg trygg på at ho framleis verkeleg ønskte dette, når vi no så at ho kom til å døy. Det var svært viktig for henne at vi heldt fast på planen for når filmen skulle ut.

Regissørane Katja Høgset, Espen Wallin og Margreth Olin har laga den sterke filmen «Selvportrett». Foto: NTB scanpix

– Altfor mange døyr

Når «Selvportrett» no landar på kinoane rundt om, håpar Olin at folk opplever at han gir dei auka innsikt. Ho håpar òg at filmen gjer sitt til at Lene Marie Fossens forsøk på å avkle sjukdommen ikkje blir gløymt.

Eit vakkert, men fortvilt menneske

– Vidare håper eg du ser eit vakkert, fortvilt menneske bak diagnosen, og kor viktig det var for henne – og eg trur for mange andre som lever med alvorleg sjukdom – å bli møtt som ein er. Det er ein sjukdom mange trur er sjølvpåført, og at ein berre kan ta seg saman. Men bak anoreksien finst det alltid ei form for angst. Det er så viktig at vi forstår kompleksiteten i sjukdommen, og at vi kan diskutere kva vi kan gjere for å gi fleire hjelp slik at dei ikkje blir så sjuke som Lene var dei siste åra. Det å få behandling er heilt avgjerande.

Kva blir gjort for psykisk sjuke?

Margreth Olin håper òg filmen kan få ein plass i debatten om psykisk helse her til lands.

– Ja, i aller høgaste grad håpar eg at Lenes historie blir eit viktig bidrag inn i den offentlege samtalen. Lene kom seg ikkje ut av sjukdommen. Mange gjer det, men altfor mange døyr av anoreksi. Eg håpar dei som har komme seg ut, kan finne ei moglegheit til å løfte fram historiene sine. Det er ulike måtar å erfare denne sjukdommen på. Lenes historie er berre éin.