Maud Angelica Behn heldt minneord for faren sin, Ari Behn, under bisetjinga i Oslo domkyrkje førre veke. Maud Angelica fekk mykje ros for den opne talen sin. Prinsesse Märtha Louise til høgre.

Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

Maud Angelica Behn får lovord for den sterke bodskapen i minneordet til faren

HelseMaud Angelica Behn (16) oppmoda i bisetjinga til faren alle som slit, til å søkje hjelp. Ho får skryt for minnetalen, som fleire meiner kan hjelpe mange. Men media får kritikk.

  • © NTB
  • Published:

Den 47 år gamle forfattaren og kunstnaren Ari Behn tok livet sitt 1. juledag. Familien valde å vere opne om at det var eit sjølvmord. Maud Angelica var klar på at pappen hennar hadde hatt det vanskeleg.

Fakta om hjelp mot sjølvmordstankar

  • Du kan få hjelp med alvorlege sjølvmordstankar.
  • Snakk med helsesjukepleiar, lærar, fastlege eller ein vaksen du har tillit til, eller ring ein hjelpetelefon:
  • Ved akutte situasjonar, ring legevakta på 116 117 eller nødnummer 113.
  • Alarmtelefonen for barn og unge: 116 111
  • Hjelpetelefonen til Mental Helse, 116 123, er for alle som treng nokon å snakke med eller skrive med. Tenesta er for både barn og vaksne.
  • Kors på halsen: 800 333 21
  • Kirkens SOS: 22 40 00 40

– Pappa må ha vore så sliten at han må ha følt at han ikkje hadde nokon annan utveg enn å dra frå denne verda, sa Behn i minnetalen sin.

Det er alltid ein utveg

– Der trur eg han tok feil. Det er alltid ein utveg. Eg vil seie til alle at det alltid finst ein utveg, sjølv om det ikkje kjennest sånn. Folk vil hjelpe, du kan få hjelp, og det kan bli betre, sa ho og understreka at det å be om hjelp ikkje betyr at ein er svak.

Takkar Maud Angelica

Kommunikasjonssjef Kristin Bergersen i organisasjonen Mental Helse seier at ho nesten er mållaus over at ein sekstenåring klarer å halde ein sånn tale ved båra til far sin. Ho takkar Maud Angelica Behn for minneorda, som ho trur kan hjelpe mange.

– At ho, som akkurat har mista faren, sa dette, det trur eg har stor effekt, seier Bergersen til NTB.

– Ho når fram med bodskapen

Behn-familien har sidan bortgangen hans 1. juledag vore open om at han tok sitt eige liv.

Ein tydeleg prega statsminister Erna Solberg (H) opplevde talen til Maud Angelica som utruleg sterk.

– Ho får veldig godt fram bodskapen om at du er nøydd til å be om hjelp, for det er folk som er glad i deg. Det trur eg er det viktigaste vi seier til alle.

– Eg trur det treffer midt i hjartet på dei som slit, og på mange pårørande, den klare, innstendige bodskapen om å be om hjelp, seier statsministeren til NTB.

Det er eit vendepunkt

Vårt Land skreiv fredag på leiarplass at dei meiner talen til Maud Angelica Behn er den viktigaste på lang tid, og at talen kan bli eit vendepunkt i arbeidet med å førebyggje sjølvmord og sjølvskading.

– Ho set ord på det mange etterlatne føler: at verken ho eller nokon andre forstod kor sjuk faren var. Samtidig slår den modige sekstenåringen fast at ingen har skulda for det som har skjedd, skriv avisa.

Gav etterlatne eit ansikt

Både Rådet for psykisk helse og Landsforeningen for etterlatte ved selvmord (Leve) meiner bodskapen i minneorda til Maud Angelica Behn var viktig og gjekk langt ut over sorga til sekstenåringen.

– Vi veit at kjensla av å vere ei byrde for omgivnadene sine er svært sterk. Ho var klar på at sånn er det ikkje. Det er berre sorg, smerte og sakn hos dei som sit igjen, seier generalsekretær Terese Grøm i Leve til NRK.

– Ved å gi dei etterlatne eit ansikt har Maud Angelica gripe heile nasjonen, seier generalsekretær Tove Gundersen i Rådet for psykisk helse til kanalen.

Media får kritikk

Mediedekkinga av Ari Behns død får derimot kritikk frå fleire hald.

Pressedekkinga av saka har vore veldig stor.

Kan få ein smitteeffekt

Ekspertar på sjølvmord fryktar at mediedekkinga kan få ein smitteeffekt. Det vil seie at merksemda rundt sjølvmordet til Behn kan få andre til å gjere det same.

Det har mellom anna med all hyllesta av Ari Behn i media å gjere.

Det har vore ein romantisering

Fredrik Walby er forskar ved Nasjonalt senter for selvmordsforskning og -forebygging (NSSF),

Han meiner pressedekkinga har vore prega av romantisering av det som har skjedd. Det skriv NRK.

Eit einsidig bilete

– Det er det einsidige, hyllande biletet, der det berre blir fokusert på dei sterke sidene til personen.

– Det blir eit vakuum, og ein lurer på kva som eigentleg skjedde, seier Walby.

Men han legg til at openheita til familien og formidlinga av hendinga har vore bra.

Det er ei krise

Terese Grøm i Leve meiner vi har lett for å gløyme at det er snakk om ei krise.

– Det er lystenning og vakre ord, og det er fint på mange måtar. Samtidig tar det bort merksemda frå at sjølvmord er ei krise. Det er ei krise som ein treng hjelp til å komme ut av, seier Grøm.