Ein gut som gjeter kamelar nær landsbyen Sissia i Kenya prøver å skremme vekk ein grashoppesverm med ein kjepp. Den største sverminga av grashopper på 25 år truar no matforsyninga i fleire land i Aust-Afrika.

Patrick Ngugi/AP/NTB scanpix

Grashopper truar matforsyninga i Aust-Afrika

MiljøAust-Afrika fløymer over av grashopper. Sverminga er den verste på 25 år, og insekta truar mattryggleiken i nokre av dei mest sårbare landa i verda.

  • © NTB
  • Publisert:

Nordaust i Kenya vart det denne veka meldt om ein grashoppesverm som var 60 kilometer lang og 40 kilometer brei.

Fakta om grashopper

  • Grashoppe er ein orden av insekt. Ordenen blir òg kalla rettvengje.
  • Det finst over 20 000 kjende artar i verda. I Noreg har vi 25 frittlevande grashoppeartar, og dessutan tre som mennesket har innført.
  • Grashoppene er grupperte i 17 familiar.
  • Somme held til på gras, medan andre lever underjordisk.
  • Dei fleste grashoppene er planteetarar. Fleire artar er rovdyr og et insekt. Somme et mark.
  • Grashoppene går gjennom ei ufullstendig forvandling. Det vil seie at det kjem ut ei lita utgåve av ein vaksen når egget klekkjer. Dei har med andre ord ikkje noko larvestadium. Dei unge grashoppene blir nymfer, og dei veks seg større gjennom ein serie hudskifte.

Kjelde: snl.no

Det opplyser Intergovernmental Authority on Development (Igad), som jobbar med utvikling i landa i Nordaust-Afrika og på Afrikas Horn.

Organisasjonen ser auken i grashoppebestanden som ei ekstremt farleg utvikling.

Flaum

Ein typisk sverm med ørkengrashopper kan telje opptil 150 millionar insekt per kvadratkilometer.

Grashoppene vandrar med vinden og kan flytte seg 100–150 kilometer om dagen.

Ein gjennomsnittleg sverm kan dagleg øydeleggje avlingar som kunne ha metta 2.500 menneske.

Uvanlege klimaforhold får skulda

Uvanlege klimaforhold får ein del av skulda for utviklinga. Delar av regionen har hatt uvanleg kraftig flaum dei siste vekene, noko som får følgje for grashoppebestanden.

Sverminga kan halde fram heilt fram til juni, ifølgje Igad.

Ørkengrashopper er svært skadelege

Ørkengrashoppe blir rekna som den mest skadelege av grashoppeartane og har vore ein trussel mot jordbruksproduksjonen i Afrika i fleire hundre år.

Svermingane har komme meir eller mindre jamleg.

Ein sverm av grashopper dekkjer bakken i landsbyen Chidhi i Awdal-området i regionen Somaliland i Somalia. Fleire land i Aust-Afrika er ramma av ei kraftig sverming av insekta. Foto: AP / NTB scanpix

Forverrar mattryggleiken

I tillegg til Kenya, er òg Somalia, Etiopia, Sudan, Djibouti og Eritrea ramma, og Sør-Sudan og Uganda blir rekna for å vere i faresona.

Utbrotet forverrar ein allereie dårleg mattryggleik i regionen, åtvarar FNs mat- og landbruksorganisasjon (FAO).

Må sprøyte frå lufta

For å førebyggje og kontrollere utbrota, må styresmaktene analysere satellittbilete, skaffe insektmiddel og sprøyte svermane frå lufta.

I Etiopia opplyser styresmaktene at dei har teke i bruk fire fly for hjelpe til med å få bukt med grashoppeinvasjonen.