Arkeologar frå Viken fylkeskommune har grave fram kjølen til Gjellestadskipet i Østfold. Her viser dei fram utgravingsstaden. Kjølen skal vere i god stand.

: Fredrik Norland Østfold Fylkeskommune / NTB scanpix

Gjellestadskipet er mest sannsynleg frå tidleg vikingtid

SamfunnGjellestadskipet i Halden er i rask forvitring. Arkeologane meiner det hastar å få i stand ei utgraving.

  • © NTB
  • Publisert:

Skipet vart funne på Gjellestad i Halden i 2018. Over to veker i august og september i fjor gjorde forskarane forundersøkingar av skipsgrava. Då fann dei at kjølen var i god stand.

Fakta om vikingtida

  • Vikingtida er ei nemning som blir brukt om perioden 800 til rundt 1050 e.Kr. – særleg i Norden og Dei britiske øyane.
  • Perioden har namn etter vikingar og vikingferder.
  • Eit vikingskip er ein nordisk skipstype frå vikingtida og tidleg mellomalder. Skipa vart brukte i krig og på handelsreiser.
  • Gokstadskipet er eit vikingskip frå slutten av 800-talet. Det er Noregs største bevarte vikingskip og står i dag utstilt i Vikingskipshuset på Bygdøy i Oslo.

Dei første undersøkingane om tilstanden på skipet er no ferdige, og arkeologane presenterte resultata sist fredag.

Skipet er frå tidleg vikingtid

Arkeologane har datert skipet, og det kan tidlegast ha vorte bygd i år 733 e.Kr. Mest sannsynleg frå tidleg vikingtid. Prøvane viser at det bevarte treverket i skipet er angripe av sopp.

Det er derfor under «hurtig og gjennomgripende nedbrytning», ifølgje ein førebels rapport som Klima- og miljødepartementet og Riksantikvaren har fått.

Oksygen bryt ned

Årsaka til nedbrytinga er at grunnvasspegelen er senka, noko som gjer at det kan trengje oksygen heilt ned til kjølen av skipet.

Om det skal gjerast ei større utgraving, skal diskuterast i tida som kjem.

Skipet må gravast opp raskt

Rapporten tilrår ei snarleg utgraving, slik at ein kan sikre kunnskaps- og formidlingspotensialet.

– Vi meiner det er på sin plass med ei større utgraving av heile jordet, seier arkeolog Sigrid Mannsåker Gundersen i Viken fylkeskommune.

Arkeologane viste fram ein liten trebit frå kjølen på Gjellestadskipet under pressekonferansen i Klima- og miljødepartementet fredag. Kjølen er hardt angripen av fukt og sopp.

Klima- og miljøminister Ola Elvestuen (V) meiner det må ei utgraving til, særleg sidan Riksantikvaren så tydeleg tilrår det.

– Her vil mykje bli borte med mindre vi gjennomfører større utgravingar på ganske kort tid, seier han til NTB.

Det er viktig for norsk historie

– Eit vikingskip er så viktig for den norske historia, og vi har eit internasjonalt ansvar. Når det ikkje lenger er eit alternativ å bevare det ved å la det liggje i bakken, handlar ikkje dette om vi skal gjere ei utgraving, men om når, korleis og i kva omfang det skal gjerast, seier Elvestuen.

Tre graver med vikingskip

Tidlegare er det funne til saman tre vikingskipsgraver her i landet. Det siste funnet vart gjort for over 100 år sidan, då Osebergskipet vart funne ved Tønsberg i 1904.

Gokstadskipet vart funne ved Sandefjord i 1880, medan Tuneskipet vart funne ved Fredrikstad i 1867.

Kan vere annan type

Prosjektleiar Christian Løchsen Rødsrud ved Kulturhistorisk museum hadde fredag med seg ein liten bit av kjølen på skipet. Kjølen er mindre enn på Gokstad- og Oseberg-skipa, og det kan bety at skipet på Gjellestad er av ein litt annan type. Det er det likevel for tidleg for arkeologane å slå fast.

114 år sidan det førre vikingskipet vart grave ut

Riksantikvar Hanna Geiran poengterer at det faktisk er 114 år sidan sist vi grov ut eit vikingskip her i landet, og at teknikkane har utvikla seg enormt sidan den gongen.

– Vi har potensial til å finne ut så mykje meir og få meir kunnskap. Det kan gi oss resultat vi kan lære mykje av. Vi kan få eit heilt anna bilete av livet som menneska levde på denne staden, seier ho til NTB.