SMITTEFARE: Ei jente i Hongkong iført munnbind.

FOTO: TYRONE SIU / REUTERS / NTB SCANPIX

Folkehelseinstituttet: Kina-viruset kan komme til Noreg når som helst

HelseFolkehelseinstituttet er godt førebudd om det nye coronaviruset skulle dukke opp i Noreg. Men framleis er mykje uvisst rundt utbrotet.

  • © NTB
  • Published:
  • Updated:

– Viruset kan nå Noreg når som helst. Det kan til dømes komme med reisande frå Kina, seier overlege Siri Helene Hauge i Folkehelseinstituttet til NTB.

Ho understrekar at situasjonen endrar seg frå dag til dag, og at det framleis er mange spørsmål ein ikkje har svar på om virussjukdommen, som starta i Kina.

– Vi veit førebels ikkje sikkert kor mange som er smitta, og kor mange av dei smitta som blir alvorleg sjuke. Vi veit at somme får milde symptom, ein del får ingen symptom, andre får lungebetennelse, og nokre få har døydd. Ein har heile spekteret, seier overlegen.

Fakta om coronaviruset

  • Eit hittil ukjent coronavirus, kalla 2019-novel coronavirus (2019-nCoV), har forårsaka eit utbrot av lungebetennelse i storbyen Wuhan i Hubei-provinsen i Kina.
  • Utbrotet starta i desember 2019, og helsestyresmaktene i Kina identifiserte viruset 7. januar 2020.
  • Viruset kan gi luftvegsinfeksjon hos menneske. I mange tilfelle har det berre gitt mild sjukdom, men det blir òg rapportert om tilfelle av alvorleg sjukdom og dødsfall.
  • Feber skal vere det vanlegaste symptomet på infeksjon. Sår hals er òg vanleg hos personar med mild sjukdom. Ein del har vorte diagnostisert med lungebetennelse med pustevanskar og/eller hoste.
  • Det finst inga spesifikk behandling eller vaksine mot viruset.

Kjelder: fhi.no og Aftenposten

Kina har isolert fire byar

Kina har isolert fire byar i eit forsøk på å hindre lungeviruset i å spreie seg. Byane ligg i Hubei-provinsen i den sentrale delen av Kina.

Utanriksdepartementet åtvarar nordmenn mot å reise til Hubei-provinsen i Kina i samband med spreiinga av det nye coronaviruset.

Over 2.000 er smitta

Helsestyresmaktene i Kina opplyste søndag at talet på stadfesta smittetilfelle har passert 2.000 i Kina, og at utbrotet har kravd 56 menneskeliv.

– Dette kjem truleg til å auke på, og det reelle talet på smitta personar er nok mykje høgare.

Noreg førebur seg

Styresmaktene i Noreg har sett i verk ei rekkje tiltak for å førebu seg på viruset. Ein har fått på plass verktøy for å diagnostisere sjukdommen raskt viss han kjem til landet, og det er sendt ut retningslinjer til helseaktørar over heile landet om korleis dei skal gå fram.

Alle flyplassar og kommuneoverlegar i Noreg har òg fått brev om kva dei skal gjere.

Sjuke bør halde seg heime

– Kva skjer den dagen det kjem ein smitta pasient til Noreg?

– Det kjem an på pasienten. Vedkommande vil truleg få beskjed om å halde seg heime, og så vil ein prøve å spore opp dei som kan ha vorte smitta av denne personen, og informere dei, seier Hauge.

RAMMA: Ein helsearbeidar ser til ein pasient på eit sjukehus i Wuhan, byen der virusutbrotet har ramma hardast.

FOTO: XINHUA / AP / NTB SCANPIX

Smittar som vanleg forkjøling

Førebels finst det ingen vaksine mot viruset, men kinesiske forskarar har klart å isolere det, noko som er eit viktig steg på vegen mot ein vaksine.

Overlegen har dette rådet om korleis folk kan beskytte seg dersom viruset rammar Noreg.

– Dette er ein luftvegsinfeksjon. Han smittar på same måten som anna forkjøling og influensa. Då gjeld det altså å ha god handhygiene og unngå sjuke folk. På same måten bør sjuke folk vere varsame når dei hostar og unngå å smitte andre.

Truleg ingen sjuke i Noreg

Så langt er det truleg ingen her til lands som har sjukdommen.

– Har du vore i Wuhan-området i Kina dei siste fjorten dagane og får feber eller andre luftvegssymptom, skal du ta kontakt med lege for å bli sjekka. Blir du sjuk i Noreg no, utan å ha vore på reise, har du nok noko anna, understrekar Hauge.