VINNAR: Billie Eilish kunne ta med seg fem prisar heim etter Grammy-utdelinga.

FOTO: CHRIS PIZELLO / AP / NTB SCANPIX

Billie Eilish vart den store Grammy-vinnaren

KulturBillie Eilish stakk av med dei fire mest prestisjefylte prisane under Grammy-utdelinga.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Attenåringen vann prisane for årets låt og årets låtinnspeling for megahiten «Bad Guy». Dessutan vart ho kåra til beste nykommar for «When We All Fall Asleep, Where Do We Go?», som òg vart kåra til årets album.

Ho er den yngste i historia som har vunne dei fire store kategoriane.

Fakta om Grammy-prisen

  • Grammy er ein amerikansk musikkpris.
  • The National Academy of Recording Arts and Sciences deler ut prisen, slik dei har gjort kvart år sidan 1958.
  • Prisane går til dei beste prestasjonane på plate innanfor dei ulike musikksjangrane.
  • Grammy er like viktig for platebransjen i USA som Oscar-prisen er for filmen.
  • I Noreg fekk vi ein norsk variant, Spellemannprisen, i 1973.

Kjelde: snl.no

Fansen er viktigast

– Først og fremst tenkjer eg at fansen fortener alt. Eg føler at dei ikkje har fått nok merksemd i kveld, for utan dei hadde ingen av oss vore her i det heile, sa Eilish etter å ha teke imot den fjerde prisen sin.

Dei fekk elleve prisar

Eilish og storebroren Finneas O’Connell stakk til saman av med elleve prisar. Med seks prisar vann O’Connell flest av alle.

Han produserte og miksa debutplata til søstera og var med og skreiv ein del av tekstane på albumet.

Les også: 9 av 10 nordmenn strømmer musikk

Skreiv ingen tale

– Vi har ikkje skrive nokon tale til dette, ettersom vi ikkje laga albumet for å vinne ein Grammy. Vi trudde ikkje at vi skulle vinne noko som helst. Vi skreiv eit album om depresjon og sjølvmordstankar, klimaendringar og det å vere skurken – kva no enn det måtte bety – og no er vi forvirra og takksame, sa O’Connell i takketalen sin frå scena.

FAVORITT: Lizzo var på førehand nominert i flest kategoriar av alle og enda opp med tre Grammy-prisar.

FOTO: MATT SAYLES / INVISION / AP / NTB SCANPIX

Slo Lizzo og Lil Nas X

Før utdelinga var det Lizzo som hadde fleste nominasjonar, åtte i alt.

Ho enda opp med å vinne i tre kategoriar, mellom anna i kategorien beste popframføring med låten «Truth Hurts».

Nominert for første gong

Billie Eilish og Lil Nas X hadde seks nominasjonar kvar.

Dei tre var alle nominerte for første gong. Lil Nas X vann beste musikkvideo og beste popframføring for gruppe med låten «Old Town Road» med Billy Ray Cyrus.

Bryant-dødsfall

Nokre få timar før superstjernene var på plass i Staples Center i Los Angeles, styrta eit helikopter med basketlegenda Kobe Bryant om bord i byen.

Bryant har heile karrieren spelt for det lokale laget, Los Angeles Lakers.

SØSKEN: Billie Eilish og broren Finneas O’Connell klemmer kvarandre etter å ha teke imot prisen for årets låt.

FOTO: MATT SAYLES / INVISION / AP / NTB SCANPIX

Knuste hjarte

Vertinna for showet, Alicia Keys, sette tidleg stemninga.

– Vi kjenner oss alle utruleg triste no. Tidlegare i dag mista Los Angeles, USA og heile verda ein helt. Og vi står her med knuste hjarte i huset som Kobe Bryant bokstaveleg talt har bygd, sa Keys. Staples Center er nemleg heimebanen til Lakers-laget.

Lil Nas X framførte «Old Town Road» ved sida av ei Bryant-trøye.

Mest lest