Det har vore mange demonstrasjonar for å verne Y-blokka. Den 2. januar samla fleire tusen seg i håp om å få verna den unike bygningen.

Vidar Ruud / NTB scanpix

1.500 i protest mot riving av Y-blokka

KulturStøtteaksjonen for vern av Y-blokka ber regjeringa gjere om vedtaket om å rive bygningen. Ein ny demonstrasjon mot vedtaket samla langt over tusen menneske.

  • © NTB
  • Published:

Støtteaksjonen ber statsministeren om å gripe inn mot rivinga.

Fakta om Y-blokka

  •  1969: Y-blokka står ferdig i regjeringskvartalet. Bygningen er teikna av arkitekt Erling Viksjø og blir karakterisert som eit seinmodernistisk hovudverk i Noreg. Kunstnarane Carl Nesjar og Pablo Picasso står bak verka «Fiskerne» på veggen ut mot Akersgata og «Måken» i vestibylen.
  • 22. juli 2011: Blokka blir skadd i bombeangrepet mot regjeringskvartalet.
  • Mai 2014: Regjeringa vedtar å rive Y-blokka og fleire andre bygg. Ei av årsakene er omsynet til tryggleiken, ettersom bygget delvis ligg over hovudvegen Ring 1.
  • Dei to verka av Nesjar og Picasso skal bevarast.
  • Juni 2019: Stortingsfleirtalet sluttar seg til forslaget frå regjeringa om eit nytt regjeringskvartal. SV får ikkje støtte for eit forslag om delvis bevaring.
  • Desember 2019: Plan- og bygningsetaten i Oslo kommune gir løyve til riving, sjølv om etaten sjølv ønskjer bevaring. Plan- og bygningsetaten ber derfor Statsbygg vente med rivinga til saksbehandlinga til departementet er ferdig.

– Vi har ei direkte oppmoding og bønn til statsministeren vår, Erna Solberg (H), om å snu! Ho er håpet vårt no, og vi har tru på at ho vil bruke makta si til å endre dette vedtaket i siste time! heiter det i ei pressemelding frå støtteaksjonen.

Marsj til Stortinget

Aksjonen starta ved Y-blokka i regjeringskvartalet torsdag klokka 16, med lyslenkjer rundt bygningen og appell ved kunstkritikar Lars Elton. Deretter marsjerte dei til Stortinget. Rundt 1.500 var med, Ifølgje politiet.

– Vi vil minne om at vi har eit unikt integrert kunstverk av Picasso i Oslo sentrum, som står i fare for å bli respektlaust flytta frå den tiltenkte samanhengen, skriv støtteaksjonen.

Picasso-kunst

Etter markeringa ved Stortinget vart demonstrantane frakta i buss til Henie Onstad Kunstsenter. Der er det for tida ei større utstilling med Picasso-kunst.

– Henie Onstad har slektskap med Y-blokka og har engasjert seg i kampen fordi det er like framandt å tenkje seg ei riving av Henie Onstad som å sjå Y-blokka jamna med jorda, seier direktør Tone Hansen ved Henie Onstad Kunstsenter i ei pressemelding.

Nesjar og Picasso

Den 19. desember vart det klart at vedtaket om å rive Y-blokka blir ståande.

Fortidsminneforeningen, Oslo Arkitektforening og Norske arkitekters landsforbund hadde bede Kommunaldepartementet om å gjere  om vedtaket hos Fylkesmannen.

Den norske biletkunstnaren Carl Nesjar samarbeidde på 1950- og 1960-talet med Pablo Picasso om utsmykkinga av regjeringskvartalet i Oslo, mellom anna relieffet “Fiskerne” på Y-blokka.

Bygningane kan ikkje brukast

Departementet har konkludert med at rivingsløyvet ikkje er i strid med internasjonale konvensjonar.

I ei stortingsmelding om saka skreiv regjeringa at H-blokka, Y-blokka, S-blokka og R4 vart kraftig skadde i bombeangrepet 22. juli 2011, og at bygningane ikkje kunne brukast.