JUL I VINTERLAND: Julemarknaden i Spikersuppa i Oslo trekkjer til seg mange besøkjande. Mange er leie av kjøpepresset, medan andre storkoser seg. Uansett aukar julehandelen litt i år òg.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB

Nordmenn kjem til å svi av nesten 11.000 kroner kvar på julehandelen i år

ØkonomiI gjennomsnitt kjem kvar og ein av oss til å bruke 10.850 kroner på julemat, pynt og gåver i år. Det viser prognosane frå Virke. Paven åtvarar mot det auka forbruket før jul.

  • © NTB
  • Published:

Hovudorganisasjonen Virke er ein norsk arbeidsgivarorganisasjon og representerer over 21 500 verksemder i næringslivet.

Virke reknar med at nordmenn til saman kjem til å julehandle for nesten 58 milliardar kroner i år. Det er 1,5 prosent meir enn i desember i 2018.

Fakta om forbruket til nordmenn i desember

  • I snitt kjem kvar einaste nordmann til å handle for 11 100 kroner i desember. 6.600 kroner går til julegåver og 4.440 til mat.
  • Prognosane viser at vi totalt kjem til å bruke 97 milliardar kroner på julefeiringa – 40,8 milliardar på mat og 56,2 milliardar på julegåver.
  • Vi bruker 800 kroner kvar på julebord og uteliv, 750 kroner på nyttårsfest og 160 kroner på fyrverkeri.
  • Vi et 2.000 tonn lutefisk, 5.000 tonn med juleribbe og fortærer 1.800 tonn med pinnekjøtt.

Kjelde: Oslo Handelsstands Forening

Mest julehandel i Tromsø

Det er innbyggjarane i Troms som kjem til å bruke mest, 11.660 kroner per innbyggjar, ifølgje prognosen. Deretter kjem Oslo og Akershus, der innbyggjarane i snitt kjem til å bruke høvesvis 11.440 kroner og 11.330 kroner kvar.

Grensehandelen påverkar

Virke trur østfoldingane vil handle minst med 9.130 kroner per innbyggjar. Årsaka er grensehandelen.

– Det same er tilfelle i Hedmark. Vestfold og Agder-fylka er òg påverka av grensehandel gjennom båtrutene til Sverige og Danmark, seier Stende.

Gir bort opplevingar

God økonomi gjer at mange nordmenn har det dei treng, og at fleire dermed gir bort opplevingar i julegåve.

– Det er innan opplevingar, delingsøkonomi og anna tenesteutvikling det store vekstpotensialet for varehandelen ligg, seier han.

4 690 kroner på julemat

I snitt kjem kvar innbyggjar bruke 4.690 kroner på mat- og daglegvarer. Det er 2 prosent meir enn det som går fram av omsetningstala frå 2018.

Nordmenn liker å kose seg ekstra i julemånaden og bruker 27 prosent meir på daglegvarer i desember enn gjennomsnittet for dei andre månadene.

Pave Frans har fleire gonger i førjulstida åtvara mot auka forbruk. Han har samanlikna kjøpepresset i jula med eit virus.

– Vi må avsløre villfaringa om at du er glad når du har mange ting. Stå imot dei blendande lysa som lokkar til forbruk overalt denne månaden, sa paven under ei messe i Vatikanet i Roma.

Utspelet frå paven kom etter salsdagane Black Friday og Cyber Monday

Vi kjøper stadig fleire pakkar som vi legg under juletreet.

Foto: Gorm Kallestad NTB scanpix