FNs klimakonferanse i Madrid vart avslutta av konferansens president Carolina Schmidt, to dagar på overtid. Resultatet skuffar dei fleste, og stemninga blant delegatane var ganske dyster under avslutninga.

Nacho Doce/Reuters/NTB scanpix

Ingen jubel etter FNs klimakonferanse

MiljøDeltakarane på FNs klimakonferanse klarte ikkje å einast om eit meir detaljert regelverk for kvotehandel. Skuffelsen er stor både blant politikarar og miljøorganisasjonar.

  • © NTB
  • Published:

Etter to veker med intense forhandlingar om korleis ein best skal kjempe mot global oppvarming, avslutta utsendingane frå 196 land FNs klimakonferanse med ei vag slutterklæring søndag.

Fakta om måla i Parisavtalen

  • I 2020 er det fem år sidan den internasjonale klimaavtalen vart banka gjennom i Paris (12. desember 2015). Kvart femte år skal alle land melde inn nye og meir ambisiøse mål for kor mykje dei vil kutte i utsleppa sine.
  • I 2020 skal landa sende inn konkrete planar til FN, som skal registrere dei.
  • Dersom ikkje utsleppa i verda går drastisk ned, blir det uråd å nå målet i Parisavtalen om å halde temperaturauken på jorda under 2 grader, eller aller helst under 1,5 grader. Samanlikningsgrunnlaget er gjennomsnittstemperaturen på jorda før den industrielle revolusjonen rundt 1850.
  • Det store årlege FN-møtet om klima var i år lagt til i Madrid i Spania frå 2. til 13. desember.
  • Møtet skulle vere eit viktig steg vidare på vegen mot å oppfylle måla i Parisavtalen. Møtet vart ein stor skuffelse.
  • 2020 vil vise kva politikarane ønskjer å gjere – om Parisavtalen blir meir enn ord.

(Kjelder: UNFCCC, NRK)

Ingen nye konkrete tiltak

Landa vart ikkje samde om konkrete tiltak eller mål.

Slutterklæringa oppmodar i staden alle land til å kutte meir av utsleppa av klimagassar. Landa blir òg oppmoda til å samarbeide meir seg imellom for å nå måla i Parisavtalen innan 2030.

Skulle vere eit viktig steg på vegen

Klimakonferansen, kjend som COP25, skulle vere eit viktig steg på vegen for å oppfylle Parisavtalen. Men partane kom ikkje så langt som ein hadde ønskt.

Utsendingane klarte ikkje å einast om det som på førehand vart sett som eitt av dei viktigaste spørsmåla – eit meir detaljert regelverk for kvotehandel, basert på artikkel 6 i Parisavtalen.

Forhandlingane vart utsette

Forhandlingane om dette blir no utsette til den neste klimakonferansen, som skal haldast i Glasgow i Skottland om eit års tid.

– Det var vanskeleg

Ola Elvestuen (V) er Klima- og miljøminister. Han seier det var vanskelege klimaforhandlingar i Madrid.

– Eg er letta over at resultatet vart betre enn det såg ut til tidlegare i veka. Samtidig er det ikkje bra at regelverket for kvotehandel også denne gongen vart utsett, seier Elvestuen.

Vi er i ei klimakrise

– Vi er i ei klimakrise. Vedtaka på dette klimatoppmøtet svarer ikkje på den radikale omstillinga landa i verda må ta ansvaret for, seier Elvestuen.

Guterres og Solberg skuffa

Statsminister Erna Solberg (H) seier til TV 2 at ho er skuffa, men ho har store forhåpningar til møtet neste år.

– Eg hadde ønskt at vi hadde klart å bli ferdig med dei temaa som stod igjen frå i fjor i Polen, men det har vi ikkje klart. Vi har gått nokre steg framover, men det går for sakte, seier ho.

Greta Thunberg er skuffa over resultatet i Madrid, men lovar å halde fram kampen for klima med full styrke. Her sit ho på toget på veg heim etter ei lang, lang klimareise. Etter å ha sete på golvet eit stykke, fekk ho sitjeplass. Foto: AP/NTB scanpix

Profitt føre klima

Miljøvernorganisasjonar og aktivistar skuldar dei rikaste landa for å vise liten vilje til å forplikte seg til kraftigare kutt i utsleppa av skadelege klimagassar.

Inga Fritzen Buan er seniorrådgivar i WWF Verdsnaturfondet. Ho er svært skuffa.

– Det lengste klimatoppmøtet i historia enda søndag morgon med at store utsleppsland som USA, Australia, Kina, India, Brasil, Saudi-Arabia i stor grad lykkast med å blokkere framgang i arbeidet med å kutte klimagassutsleppa i verda, seier Buan.

Mektige land set profitt føre klima

Desse landa sette seg imot all innsats for å halde den globale oppvarminga under 1,5 grader, meiner ho.

– Nokre mektige land set profitt føre klimakrisa. Dei lèt det vere viktigare enn framtida til dagens barn og ungdom. Med unntak av EU viste ingen av dei store utsleppslanda at dei tar ansvaret sitt på alvor, seier Buan.

Det er røyndomsfjernt

Gina Gylver representerte Natur og Ungdom under klimakonferansen i Madrid. Ho meiner at politikarane på klimatoppmøtet ikkje har tatt klimakrisa på alvor.

– Dette møtet har vore røyndomsfjernt og langt på veg tømt Parisavtalen for meining, seier  Gylver.

Må kutte utsleppa

Ein rapport frå FNs miljøprogram (UNEP) slår fast at ein må kutte utsleppa av klimagassar i verda med over 7,5 prosent kvart år mellom 2020 og 2030 dersom den globale oppvarminga skal haldast under 1,5 grader.

Dersom utviklinga held fram som i dag, ligg det an til ein global temperaturauke på 3,5 grader (ein stad mellom 3,4 og 3,9 grader) innan 2100, ifølgje rapporten.