Den nyvalde statsministeren i Storbritannia, Boris Johnson, oppmoda britane til samhald og å leggje den bitre striden om brexit bak seg. Men no skal Johson sørgje for å få landet ut av EU.

Lisi Niesner/Reuters/NTB scanpix

Britane gav Boris Johson massiv tillit til å leie landet ut av EU

PolitikkValvinnar Boris Johnson oppmoda britane til å leggje åra med bitter strid og usemje bak seg og la «lækingsprosessen» byrje.

  • © NTB
  • Published:

Torsdag 12. desember var det parlamentsval i Storbritannia. Det var det tredje valet på fire år der brexit er det viktigaste spørsmålet. Valet vart rekna som eit skjebneval.

Fakta om valresultatet i Storbritannia

  •  Dei konservative gjorde sitt beste val sidan 1980-talet.
  • Arbeidarpartiet Labour gjorde sitt dårlegaste val sidan 1930-talet.
  • Det konservative partiet får 365 sete i Underhuset.
  • Labour får 203 sete.
  • Liberaldemokratane får 11 sete, medan det skotske nasjonalistpartiet SNP får 48 mandat.
  • Dei resterande 23 seta blir delte mellom ulike småparti, mellom dei det nord-irske partiet DUP, det walisiske partiet Plaid Cymru og Dei grøne.

Kjelde: NTB

Det konservative partiet med Boris Johnson i spissen vann soleklart.

Var hos dronning Elizabeth

Den britiske statsministeren var fredag hos dronning Elizabeth, som formelt gav han oppdraget med å danne ei ny regjering.

Truleg var det Boris Johnsons løfte om å fullføre brexit som gjekk rett heim hos britane og sikra han eit solid fleirtal.

Vil gjennomføre brexit

Den klare sigeren gir han eit solid mandat til å gå vidare med prosjekt nummer éin: å få brexit unnagjort.

– I dette valet har vi fått tillit frå folk som aldri har stemt konservativt før, folk som alltid har stemt på andre parti. Desse menneska ønskjer endring. Vi må ikkje skuffe dei, sa Johnson.

Eit historisk mandat

– Når nasjonen har gitt oss dette historiske mandatet, må vi òg leve opp til det, sa han.

Han lova òg å lytte til dei som er mot brexit og å leie «ei inkluderande regjering for heile nasjonen».

Må la såra blir lækte

– Eg oppmodar alle til å leggje konfliktane bak seg og la såra bli lækte, sa han.

Dei konservative gjorde eit brakval torsdag og fekk med 365 mandat eit solid fleirtal i Parlamentet. Det er det største fleirtalet partiet har hatt sidan Margaret Thatcher vann valet i 1987.