FEM KRAV: Ein demonstrant i Hongkong held opp hendene for å markere dei fem krava dei vil ha oppfylt.

Foto: Kin Cheung / AP Photo / NTB

Arrangørane trur 800.000 demonstrerte i Hongkong

SamfunnIfølgje arrangørane fylte 800.000 demonstrantar gatene i Hongkong i ein marsj eit halvt år etter at demonstrasjonane starta i byen.

  • © NTB
  • Published:

Svartkledde demonstrantar i alle aldrar deltok i demonstrasjonen. Det er den første store demonstrasjonen i byen etter lokalvalet i slutten av november.

Demonstrantane ropte på fridom og solidaritet med Hongkong.

Fakta om uroa i Hongkong

  • Masseprotestane i Hongkong starta 9. juni 2019 etter at styresmaktene i byen la fram eit lovforslag som opnar for at hongkongborgarar kan utleverast til Fastlands-Kina og stillast for retten der.
  • Byregjeringa i Hongkong trekte offisielt lovforslaget tilbake 23. oktober, men protestane har halde fram etter det. 
  • Demonstrantane er kritiske til måten Beijing påverkar styre og stell i Hongkong og krev større fridom. Dei krev òg at leiaren i Hongkong, Carrie Lam, går av.

Andre krav demonstrantane stiller: 

  • Lauslating av arresterte demonstrantar
  • Fleire demokratiske rettar
  • Ein slutt på å kalle demonstrantane opprørarar
  • I byrjinga var protestane fredelege, men situasjonen har tilspissa seg, og demonstrasjonane har fleire gonger utarta til alvorlege samanstøytar med politiet.
  • Ei uavhengig gransking av politivald

Marsjen stod stille

Folkemengda var så stor at marsjen av og til stod stille. Mange heldt fram fem fingrar, noko som skulle symbolisere dei fem krava dei har, mellom anna om demokratiske val og gransking av valdsbruken til politiet.

Demonstrasjonen vart arrangert av gruppa Civil Human Rights Front (CHRF) og gjekk av stabelen samtidig som det er eit halvt år sidan dei store demonstrasjonane starta.

Det vart ei fredeleg markering

Ein av arrangørane, Eric Lai, hadde på førehand oppmoda politiet til å halde seg i bakgrunnen og ikkje bruke tåregass. Fleire gonger har demonstrasjonane i Hongkong enda i opptøyar og vald, men marsjen på søndag var fredeleg.

Det var store politistyrkar til stades under marsjen, og dei stod klare med vasskanonar, men utan å bruke dei.

Meir spent etter kvart

Det vart meir spent etter at det vart mørkt i Hongkong. Politiet hevdar på Facebook at det var demonstrantar som øydela bankar og butikkar i to bydelar.

I ein bydel skal demonstrantane ha sett opp barrikadar.

Trump støttar demonstrantane

Presidenten i USA, Donald Trump, underteikna tidlegare i haust to lover som støttar demonstrantane i Hongkong. Kina svarte med å kalle inn den amerikanske ambassadøren på teppet. Dei kinesiske styresmaktene krev at USA ikkje blandar seg i innanrikspolitikken i landet.

Arrestasjonar

Hongkong-politiet sa før demonstrasjonen at dei hadde arrestert elleve personar for å ha hatt med seg ulovlege våpen.

FYLTE GATENE: Demonstrantane i Hongkong har halde koken no i eit halvt år, men dei er framleis ikkje fornøgde med styresmaktene og lovar å halde fram med å protestere.

Foto: Vincent Yu / AP Photo / NTB