Leitinga etter omkomne er no avslutta. No står oppryddingsarbeidet att. Her går Gjergji Thanasi mellom ruinane i byen Durrës.

Florion Goga/REUTERS/NTB scanpix

Albania avsluttar jordskjelvsøk – 50 døde er funne

SamfunnLeitinga etter overlevande jordskjelvoffer i Albania vart avslutta i helga. 50 personar er funne døde etter skjelvet førre veke.

  • © NTB
  • Publisert:

Edi Rama er statsminister i Albania. Han seier at det er ingen grunn til å tru at fleire omkomne ligg i ruinane av samanrasa bygningar.

Fakta om Albania

  • Hovudstaden er Tirana.
  • Innbyggjartal: 3 020 209 (2014-tal)
  • Det er eit middelhavsland på Balkan-halvøya i Søraust-Europa.
  • Fjell-landet Albania var det siste landet i Europa som gav opp kommunismen.
  • Overgangen til demokrati og marknadsøkonomi har vore vanskeleg.
  • Landet er eitt av dei fattigaste landa i Europa.

Kjelder: FN/Wikipedia

Skjelvet på tysdag hadde ein styrke på 6,4 og kom før grålysninga. 50 personar mista livet i jordskjelvet. Rundt 2.000 menneske vart skadde. Ei kvinne ligg i koma.

Store skadar på bygningar

Over 1.465 bygningar i hovudstaden Tirana og rundt 900 bygningar i byen Durrës like ved fekk store skadar.

Eit førebels overslag viser at minst 4.000 personar har vorte heimlause. Rundt 2.500 av dei har vorte innlosjerte på hotell. Andre har vorte frakta til nabolandet Kosovo eller fått mellombels husly i den austlege delen av Albania.

Styresmaktene lovar betre bustader

Statsministeren lovar at alle som har mista heimane sine, skal få nye og «meir solide bustader» neste år.

Regjeringa har òg sett av kompensasjon til dei etterlatne. Kvar familie som har mista nokon, får utbetalt rundt 90.000 kroner. Dei har òg lova ekstra pensjon til eldre og stipendordningar for barn.

Fengsel for å bryte byggjeforskriftene

Ifølgje eit nytt lovforslag skal brot på byggjeforskriftene straffast med fengsel i 7 til 15 år.

Brot på forskriftene har fått mykje av skulda for at så mange bygningar rasa saman. Mange av bygningane var altfor dårleg konstruerte.

Korrupsjon er utbreidd

Ei av årsakene til det kan vere korrupsjon. Byggherrane kan til dømes betale bygginspektørane, slik at dei slepp å følgje byggjeforskriftene.

Korrupsjon og organisert kriminalitet er ei stor utfordring i Albania, sjølv om regjeringa har prøvd  å stoppe det.

Albania får hjelp av mange land

Ekspertar frå Hellas, Frankrike, Italia, Ungarn, Bulgaria, Litauen og Latvia hjelper dei albanske styresmaktene med oppryddingsarbeidet, som no er i gang.