Politiet i Malmö har ein stor jobb å gjere for å få kontroll over valden i byen. I helga vart ein 15 åring skoten og drepen.

Johan Nilsson/TT / NTB scanpix

Nytt drap og nye valdshendingar skakar Malmö

SamfunnRivalisering om cannabismarknaden i Malmö kan liggje bak drapet på ein 15-åring sist helg. Det trur politiet.

  • © NTB
  • Publisert:

– Det er éin av teoriane våre, sa politimeisteren i Malmö, Stefan Sintéus, på ein pressekonferanse måndag formiddag.

Fakta om gjengkriminalitet i Sverige

  • Gjengkriminaliteten har dei siste åra vore eit aukande problem i Sverige. Rivaliserande gjengar tyr stadig oftare til skytevåpen.
  • I 2018 vart over 40 drepne og rundt 130 skadde i over 270 skyteepisodar i landet.
  • Gjengoppgjera handlar ofte om narkotika eller hemn.
  • Det er storbyane Stockholm, Göteborg og Malmö som er mest utsette.
  • Politiet har registrert minst 195 skyteepisodar i Malmö frå 2016 til i dag.
  • Minst 31 personar er drepne i Malmö i desse skotepisodane og minst 91 er skadde.

Kjelder: NTB/NRK

15-åring vart drepen

Den 15 år gamle Jaffal vart drepen, og ein jamaldra gut ligg framleis livstruande skadd på sjukehus etter skytinga ved ein pizzarestaurant i Malmö sentrum laurdag kveld.

To personar kom på sykkel til restauranten, der dei trekte våpen og skaut fleire skot mot dei to. Det opplyser politiet.

Ein bil vart sprengd

Like før skytinga vart òg ein bil sprengd i lufta. Det kan ha vore ein avleiingsmanøver, trur politiet.

Skakar svenskane

Saka har igjen skaka Malmö, som har vore herja av vald og kriminalitet i lang tid.

Gjerningspersonane er framleis ikkje arresterte.

Måndag var det ein ny skyteepisode i den svenske byen. Der vart ein 18 år gammal gut såra, og politiet har arrestert to mistenkte i saka. Guten fekk ikkje livstruande skadar, men politiet etterforskar saka som drapsforsøk.

Kjenningar av politiet

Dei to gutane som vart skotne i helga, var kjenningar av politiet, ifølgje Sintéus.

Politimeisteren seier at politiet no vil gjere visse omprioriteringar og jobbe mot den opne hasjmarknaden i Malmö. Dessutan vil dei sikte seg inn mot heilt bestemte kriminelle personar.

Lys og blomstrar er plasserte på staden i Ystadsgatan, der ein tenåring vart drepen og ein annan livstruande skadd laurdag kveld 9. november. Foto: Johan Nilsson / TT / NTB scanpix

Fokuserer på cannabismiljøet

Tryggingssjefen i Malmö, Per-Erik Ebbeståhl, meiner òg det er heilt grunnleggjande å jobbe opp mot cannabis-miljøet.

– Denne marknaden er ein av grunnane til det vi ser av sprengingar og skytingar i Malmö, seier politimeisteren.

Får forsterkingar

Politiet i Malmö får no forsterkingar frå både regionalt og nasjonalt nivå.

Sjølv får Sintéus ei ny rolle som regional kommandosjef.

Styrkjer den langsiktige innsatsen

Regionpolitisjef Carina Persson seier at dei òg vil styrkje den langsiktige innsatsen.

– Det finst ingen raske løysingar. Det har vore mykje merksemd retta mot kriminaliteten i Malmö i lang tid, og vi treng å intensivere arbeidet. Vi kan aldri akseptere at unge menn blir skotne og drepne på gatene våre, seier ho.