Eitt av tjue barn har opplevd alvorleg fysisk vald i heimen. Det viser ein fersk studie. Foreldre skal oppdra barn, men dei har ikkje lov til å bruke vald mot barna.

Shutterstock / NTB scanpix

Ny studie vekkjer oppsikt: 1 av 20 barn blir utsette for grov vald i heimen

SamfunnEitt av tjue barn har opplevd alvorleg fysisk vald i heimen. Éin av fem har vore utsette for lugging, klaps og klyping i oppveksten. Det viser ein fersk rapport.

  • © NTB
  • Publisert:

Forskarane har intervjua i alt 9.240 ungdommar i alderen 12 til 16 år i januar og februar i år.

Fakta om vald mot barn

  • Éin av tjue barn har opplevd alvorleg fysisk vald, som å bli sparka, slått med ein hard gjenstand eller å bli banka opp.
  • Litt fleire har vore utsette for seksuelle overgrep frå ein vaksen, som oftast ein utanfor heimen. I 25 prosent av tilfella var overgriparen ein forelder.
  • Eitt av fem barn har vorte lugga, klypt eller klapsa med flat hand.
  • Éin av fem har opplevd fleire psykiske krenkingar frå foreldra.
  • Over halvparten av dei valdsutsette barna (56 prosent) har aldri fortalt nokon om valden heime.
  • Det same gjeld 44 prosent av dei som har vore utsette for seksuelle overgrep. Berre éin av fem har fått hjelp av hjelpeapparatet i kommunane.
  • Nesten éin av seks ungdommar seier at dei ikkje har nokon å snakke med om dei har eit problem som gjer dei triste.

Kjelde: NKVTS

Det var NRK som først skreiv om studien. Resultata vekkjer stor oppsikt.

Det må bli kjent

Runi Børresen er førsterektor ved Universitetet i Søraust-Noreg. Han seier det er på tide at valden blir kjent.

– Det er svært viktig at det enorme omfanget no er dokumentert, seier  Børresen.

Valden skjer sjeldan isolert

Studien vekkjer oppsikt fordi han viser at vald mot barn er utbreidd.

Studien viser òg at valdsutøving mot barn sjeldan skjer isolert.

Barn opplever fleire typar vald

Dei fleste som har opplevd vald heimen, har opplevd fleire typar, både fysiske og psykiske.

Studien viser òg at den alvorlege valden startar tidlegare i barndommen enn den mindre alvorlege fysiske valden.

Situasjonen i familien er viktig

Valdsutøvinga har nær samanheng med situasjonen i familien. Dårleg familieøkonomi og foreldre som har problem med rus, psykiske plager og kriminalitet, speler inn, opplyser forskarane.

– Dette må takast på ytste alvor av skular og barnehagar. Det gjeld både det store omfanget og at så få søkjer om hjelp, seier Børresen til NRK.

Eigne temadagar om valden

NRK Super og Redd barna hadde eigne temadagar om vald førre veke.

Halvard Jakobsen er prosjektleiar i NRK Super. Han seier at mange barn ikkje veit kva som er lov eller ikkje lov.

Ny dramaserie for barn

Under temadagane lanserte NRK Super ein ny dramaserie for barn frå ni år og oppover. Dei lanserte òg ein animasjonsfilm for barn i alderen seks til åtte år laga av Bivrost Film og dessutan ein musikkvideo.

Redd barna har òg utvikla eit eige undervisningsopplegg. Det kan lastast ned gratis og brukast i skulen saman med filmane.

Alle har rett til å vere trygge

Silje Vold er spesialrådgivar i Redd barna. Ho seier at alle barn har rett til å vere trygge.

– Og dette må dei få vite! understrekar ho.

Vi må snakke om valden

Jacobsen håper at innhaldet fører til at ein byrjar å snakke om valden.

– Vi lagar òg innhald til vaksne. Vald mot barn skal vere eit tema alle i Noreg får med seg, seier han til Redd barna.