Den indiske hovudstaden New Delhi har 20 millionar innbyggjarar. Kvar vinter lever dei med svært helseskadeleg luft. Hovudårsakene er forureining frå bilar og industri og bråtebrannar i landbruket.

Foto: REUTERS/Danish Siddiqui / NTB scanpix

New Delhi gispar etter rein luft

MiljøLuftforureininga i den indiske hovudstaden New Delhi har nådd det høgaste nivået hittil i sesongen. Den dårlege sikta forseinkar flytrafikken, og skulane er stengde.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Konsentrasjonen av dei minste og mest helseskadelege partiklane (2,5 mikrometer) steig til over 900 mikrogram per kubikkmeter, ifølgje Reuters, noko som er langt over helsefarleg nivå.

Skulane er stengde

Fakta om luftforureining

  • God luftkvalitet er viktig for helsa.
  • Det finst mange ulike luftforureiningskomponentar, inkludert ulike typar svevestøv og gassar, som kan gå ut over helsa.
  • Historiske erfaringar har vist at høge nivå av luftforureining kan føre til alvorlege skadar på lungene og hjarte- og karsystemet.
  • Eit døme er frå London i desember 1952, der ekstreme mengder med forureining førte til at fleire tusen menneske mista livet.
  • kjelde: fhi.no

Skulane i byen er stengde fram til tysdag. Styresmaktene i New Delhi innfører par- og oddetalskøyring i eit forsøk på å få ned luftforureininga. Forureininga er i ferd med å kvele befolkninga i byen.

Reguleringa av biltrafikken blir innført etter at forureininga nyleg nådde det høgaste nivået på tre år. Nivået er no det nidobbelte av maksimumsgrensa.

Fly blir forseinka

Dårleg sikt førte til at fleire flygingar i helga vart forseinka eller måtte dirigerast om til flyplassar andre stader.

Dei 20 millionane som bur i byen, må kvar vinter leve med helseskadeleg luftforureining frå bilar, industri og bråtebrannar.

Det har vorte eit gasskammer

Førsteministeren i delstatsregjeringa i New Delhi seier byen har vorte eit «gasskammer» og legg skulda på bøndene i nabo-delstatane.

– Forureininga har nådd eit uforsvarleg nivå, skriv førsteminister Arvind Kejriwal på Twitter.

Mange byar slit

Men han får refs av miljøministeren i India, Prakash Javadekar, som meiner utsegnene hans «politiserer» problemet og set nabo-delstatane Punjab og Haryana i eit dårleg lys.

Ifølgje ein rapport frå det internasjonale overvakingssenteret AirVisual ligg 22 av dei mest forureina byane i verda i India.