Kina er den største marknaden for dataspel i verda, men styresmaktene har no innført restriksjonar på bruken av internett for barn og unge under 18 år. Dei fryktar at barna skal bli sjuke eller avhengige av nettspela.

Shutterstock / NTB scanpix

Kina innfører restriksjonar på dataspel for unge

TeknologiStyresmaktene i Kina har innført ei rekke restriksjonar på dataspel på internett for personar under 18 år. Slik håpar dei å dempe speleavhengnaden i landet.

  • © NTB
  • Publisert:

Personar under 18 år får med dei nye reglane ikkje lov til å spele dataspel på internett mellom klokka 10 på kvelden og klokka 8 på morgonen.

Fakta om dataspel

  • Dataspel er ein naturleg del av mediekvardagen for mange – både unge og vaksne.
  • Datapela gir underhaldning, sosiale evner og kunnskap og utviklar vennskap.
  • For somme blir spelinga ein aktivitet som overskygger alt anna.
  • Negative konsekvensar kan vere konfliktar i familien, tap av skulegang og sosialt nettverk.
  • Forskinga viser at det er ei overvekt av gutar som utviklar dette problemet.
  • Talet på jenter som speler dataspel, har auka dei siste åra.

Kjelde: spillavhengighet.no

Ei grense på 90 minutt

Styresmaktene har òg sett ei grense på berre 90 minutt per dag.

I tillegg har dei sett ei grense for kor mykje pengar personar under 18 år kan bruke på dataspel i månaden.

Alle må registrere namnet sitt

Personar som er under 16 år, kan berre bruke opptil 250 kroner i månaden, medan dei mellom 16 år og 18 år kan bruke dobbelt så mykje.

Reglane inneber òg at alle må registrere seg med det ekte namnet sitt, telefonnummer og personnummer.

Den største marknaden

Kina er den største marknaden for dataspel i verda, men styresmaktene har den siste tida innført fleire restriksjonar på grunn av uro for helsekonsekvensar og avhengnad.

I fjor innførte Beijing restriksjonar på kor mange spel det går an spele på internett. Dei avgrensa òg tilgangen til nye dataspel og innførte restriksjonar for unge brukarar.

Kan aldri spele

På den kinesiske sosiale plattforma Weibo hevdar ein brukar at dei nye restriksjonane no gjer at mange tenåringar ikkje får spelt nettspel i det heile. Årsaka er at dei er på skulen frå kokka 6.30 på morgonen til klokka 10 om kvelden. Innlegget er blant dei mest diskuterte på Weibo.