Bilvrak og andre kasserte køyretøy blir etterlatne både i utbygde strøk og i naturen. Alle bilar som ikkje er miljøsanerte, inneheld restar av drivstoff, olje, frostvæske, kuldemedium, bremsevæske, batteri, oljefilter, kvikksølvhaldige komponentar og anna. Derfor er dei ein miljøtrussel.

Gorm Kallestad /NTB scanpix

Enklare å varsle om miljøkriminalitet

MiljøMiljødirektoratet lanserer ei ny løysing som skal gjere det enklare både å tipse og varsle om miljøkriminalitet.

  • © NTB
  • Publisert:

Ola Elvestuen (V) er miljøminister. Han seier at miljøkriminalitet er eit alvorleg problem med store negative konsekvensar for klimaet.

Fakta om miljøkriminalitet

  • Miljøkriminalitet som ein kan tipse om, kan dreie seg om mange ting, mellom anna:
  • Ulovleg utslepp til luft, vatn og grunn
  • Import og sal av ulovlege produkt, kjemikaliar, trua artar eller framande organismar
  • Ulovleg fiske, utsetjing av ulovlege garn og ulovleg jakt
  • Ulovleg motorferdsel i utmark og vassdrag
  • Ulovlege inngrep og tiltak i verneområde

Kjelde: Miljødirektoratet

– Samtidig reknar ein med at miljøkriminalitet har låg oppdagingsrisiko samanlikna med mange andre former for kriminalitet. Derfor er ei digital tipsordning for miljøkriminalitet viktig for at vi skal få vite om fleire regelbrot, seier han.

Alle kan melde inn tips

Med den nye løysinga kan alle melde inn tips som gjeld mistankar om ulovlege miljøforhold.

Det gjeld òg varsel om ulovlege miljøforhold som arbeidstakarar har sett på eigen arbeidsplass.

Det er oppretta eiga nettside

Tipsarar og varslarar kan bruke nettsida til direktoratet. Der kan dei òg laste opp bildebevis til miljøsakene som dei melder inn.

Tipsarane er sikra anonymitet hos Miljødirektoratet. Når nokon varslar til offentlege styresmakter har styresmaktene teieplikt.

Det er viktig å tipse

Direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet håpar den nye ordninga gjer at fleire meldar frå.

– Vi oppmodar folk til å melde frå når dei har mistanke om noko ulovleg som kan skade natur og miljø. Tips og varsel frå publikum er nyttig informasjon for oss i kampen mot miljøkriminalitet, seier ho.