Om eitt år er det presidentval i USA, og då blir det klart om Donald Trump får fire nye år ved makta.

Foto: Joshua Roberts / REUTERS/ NTB scanpix

Eitt år til presidentvalet i eit stadig meir splitta USA

NynorskHøge murar og tøff innvandringspolitikk? Eller helsetilbod for alle og meir skatt for dei rike? Eitt år før presidentvalet er USA meir splitta enn nokon gong.

  • © NTB
  • Publisert:

3. november 2020 skal amerikanske veljarar avgjere om Donald Trump får fire nye år som president. Allereie no er tonen i ordskiftet smått apokalyptisk.

Demokratiet står på spel

– Det som står på spel, er om det amerikanske demokratiet i det heile skal overleve, sa Trump nyleg til tilhengjarar i Texas, ifølgje nyheitsbyrået AP.

Dei to demokratiske toppkandidatane Elisabeth Warren og Joe Biden meiner på si side at utfallet av valet kjem til å definere USA i fleire generasjonar.

FAKTA OM PRESIDENTVALET I USA

  • Presidentvalet i USA i 2020 er det 59. presidentvalet i USA.
  • Valet den 3. november 2020 gjeld val av president og visepresident i USA.
  • Samtidig er heile Representanthuset på val saman med ein tredel av Senatet, elleve delstatsguvernørar og tusenvis av lokale verv.
  • Det republikanske partiet og Det demokratiske partiet vel presidentkandidatane sine i partimøte og primærval i dei ulike delstatane vinteren og våren 2020.
  • Den nyvalde presidenten og visepresidenten skal takast i eid 20. januar 2021. 
  • Kjelder: snl.no, wikipedia.no

Det er sterke motsetningar

– Motsetningane er svært sterke. Det politiske landskapet i USA har vorte meir polarisert, ikkje berre under Trump, men gjennom dei siste ti åra.

Det seier Dag Blanck, som er professor i Nord-Amerika-studiar ved universitetet i Uppsala i Sverige.

Kamp om midten

Kjernesakene til Trump er å føre ei hard linje i innvandringspolitikken og å gi store skatteletter. Samtidig har Demokratane teke eit tydeleg steg til venstre.

Med aukande polarisering blir òg partilojaliteten sterkare.

Vil støtte Trump same kva

Det betyr at både Trump og den som blir utfordraren hans frå Demokratane, må lokke til seg sentrumsveljarar for å vinne.

Blanck seier at 35–40 prosent av veljarane kjem til støtte Trump same kva som hender.

– Spørsmålet er om den basen er stor nok. Han må ha meir støtte enn det, og han må finne den blant dei uavhengige veljarane, den store gruppa som verken er republikanarar eller demokratar, seier Blanck.

Demokratane kan vere optimistar

Blanck trur Demokratane kan unne seg å vere litt optimistiske. I kongressvalet i 2018 gjekk Demokratane fram i akkurat dei distrikta som begge sider må kjempe om – i forstadene rundt dei store byane og blant kvinnelege veljarar, påpeikar han.

Mange entrumsveljarar skeptiske til Trump

Samtidig er det mange sentrumsveljarar som ikkje er så begeistra for ein del av Trump-politikken. Det har skapt sterke reaksjonar at migrant-barn blir skilde frå foreldra sine.

Heller ikkje muren mot Mexico er populær i denne veljargruppa.

Men det betyr likevel ikkje at dei dermed kjem til å stemme på Demokratane. Spørsmålet blir om partiet vel seg ein kandidat på ventstresida i partiet framfor ein sentrumskandidat.

Stor interesse for valet

Interessa for valet samlar ein elles splitta veljarmasse. Eit heilt år før valet seier 82 prosent av dei demokratiske veljarane og 74 prosent av dei republikanske at dei er interesserte i valet.

Det viser ei meiningsmåling som Norc Center for Public Affairs Research har gjort for nyheitsbyrået AP.

Økonomi er viktig

Blanck peikar på økonomi som eit viktig tema i den kommande valkampen. Økonomien går bra og arbeidsløysa er rekordlåg, noko som Trump burde tene på.

Men Demokratane peikar på at forskjellane aukar, og at skattelettene til Trump har gått til dei som tener mest. Den svenske professoren trekkjer elles fram helsetilbod, innvandring, våpenlover og klima som aktuelle valkamptema.

 

Videoen er to år gammal, men hovudlinjene gjeld framleis