Over store delar av Frankrike markerte protestrørsla dei gule vestane eittårsdagen sin i helga. Folk er framleis sinte og vil ha betre levekår.

Charles Platiau/Reuters/NTB scanpix

Den franske gule-vestar-rørsla markerte eittårsdag med nye demonstrasjonar

PolitikkEitt år etter at gule-vestar-rørsla såg dagsens lys i Frankrike, okkuperte eit titals demonstrantar det fasjonable kjøpesenteret Galeries Lafayette i Paris.

  • © NTB
  • Publisert:

Politiet henta søndag ut demonstrantane.

Fakta om gule-vestar-rørsla i Frankrike

  • Rørsla dei gule vestane byrja for eit år sidan som ein protestaksjon mot aukande prisar på drivstoff og høgare levekostnader i Frankrike.
  • Den franske regjeringa hadde då dei siste fem åra auka avgiftene på klimautslepp. Prisen på diesel og bensin har auka merkbart.
  • Ein ny avgiftsauke på drivstoff og straum utløyste protestane.
  • Dei gule vestane byrja som ei grasrotrørsle utan tilknyting til politiske parti eller fagorganisasjonar, og rørsla har inga offisiell leiing.
  • Namnet stammar frå dei gule refleksvestane som skal liggje i alle franske bilar.
  • Rørsla har halde protestane gåande i eit år. I helga markerte dei eittårsdagen med fleire demonstrasjonar.

(Kjelde: NTB)

Dei stod i det julepynta shoppingsenteret og song «Joyeux anniversaire», den franske versjonen av «Hurra for deg».

Eitt år sidan starten

Okkupasjonen denne søndagen markerer at det er eitt år sidan dei første demonstrasjonane starta 17. november i fjor.  Då blokkerte over 280.000 demonstrantar vegar over heile Frankrike i protest mot auka avgifter på bensin og diesel.

Protestar mot presidenten

Protestane held fram i Frankrike sjølv om regjeringa har trekt tilbake forslaget om høgare drivstoffavgifter.

Etter kvart har demonstrasjonane utvikla seg til protestar mot den sosiale situasjonen i landet – og mot president Emmanuel Macron og dei økonomiske reformene hans.

Stort sett fredelege

I motsetning til protestaksjonane som har vore før, var markeringane på søndag stort sett fredelege, fortel franske medium.

Men mange folk er stadig sinte. Dei krev framleis betre levekår.

200 nye demonstrasjonar

Det  vart arrangert rundt 200 demonstrasjonar rundt om i Frankrike i helga.

Laurdag vart 254 personar arresterte i aksjonar som dei gule vestane arrangerte rundt om i Frankrike.

Fleire tusen personar deltok

Christophe Castaner er innanriksminster i Frankrike. Han opplyste at d 28.000 personar deltok i demonstrasjonane rundt om i landet laurdag.

Av dei var 4.700 med på demonstrasjonane i Paris.

Politiet brukte tåregass i Paris

Mest bråk var det i Paris. Der snudde demonstrantane bilar på taket eller sette fyr på dei, og dei raserte buss-skur.

Politiet brukte tåregass mot gule-vestar-demonstrantar i Paris. Fleire vart arresterte.

Dei fleste slit økonomisk

Kjerstin Aukrust er førsteamanuensis i fransk litteratur ved Universitetet i Oslo. I ein kronikk i Aftenposten forklarer ho kven det er som deltar i protestane i Frankrike.

Dei fleste kjem frå arbeidarklassen eller den lågare middelklassen. Ikkje mindre enn 24 prosent av dei som er med i dei gule vestane, har store økonomiske vanskar, skriv ho.

Vil jamne ut sosiale forskjellar

Aukrust forklarer at målet til rørsla er å jamne ut dei sosiale forskjellane i Frankrike.

Ho seier at dei gule vestane står langt frå kvarandre i andre politiske spørsmål, som innvandringsspørsmål, miljøsaka og i verdispørsmål. Men dei har til felles skepsisen til EU, og mange har òg ein djup mistillit til politikarane.

Dei har funne ein fellesskap

Nesten ingen av dei politiske krava til dei gule vestane er innfridde. Men mange har funne ein ny og viktig solidarisk fellesskap.

Macron seier han har lært mykje

I eit intervju med Time Magazine seier Macron at dei gule vestane på mange måtar har vore bra for han. Dei har lært han at han må bli flinkare til å lytte til folk, og at han må endre måten han jobbar på.

Ein demonstrant i Paris ber ein gul vest med påskrifta: Eit sint folk, eitt år! Foto: Reuters.