Robotar kjem til å ta over fleire og fleire oppgåver i samfunnet. Det kan vere eit argument for å innføre borgarlønn, meiner tilhengjarane. Her blir menneskeliknande robotar viste fram under ei messe i Lisboa førre månad.

REUTERS/Pedro Nunes/NTB scanpix

Byrådet i Bergen vil prøve ut borgarlønn

PolitikkPolitikarane i Bergen er klare for å teste ut borgarlønn, som sikrar alle innbyggjarane inntekter – utan at staten krev noko tilbake.

  • © NTB
  • Publisert:

Det kjem fram i byrådsplattforma til Ap, Venstre, KrF og MDG, som vart presentert for to veker sidan:

Fakta om borgarlønn

  • Borgarlønn er ei økonomisk yting til alle innbyggjarane i eit samfunn. Borgarlønna er tenkt som ei vilkårslaus og universell grunninntekt som blir utbetalt uavhengig av sosial status.
  • Borgarlønna skal vere høg nok til at dei som får ho, kan leve eit verdig liv og ha ressursar til å delta i samfunnet.
  • Det finst ulike idear om korleis borgarlønna skal formast og finansierast, og korleis dette skal gjennomførast i praksis.
  • Motivasjonen for borgarlønn kan vere eit ønske om at ingen skal svelte eller fryse. Med borgarlønn er alle samfunnsborgarar utan omsyn til korleis dei vel å leve liva sine, garantert eit økonomisk eksistensminimum.
  • Dette er som ein slags medfødd rett, ein menneskerett.

Kjelde: Wikipedia.

«Byrådet vil ta initiativ overfor statlige myndigheter om at et eventuelt prøveprosjekt om borgerlønn i Norge skal inkludere Bergen» , heiter det.

Borgarlønn er utan krav

Borgarlønn betyr at ein får utbetalt pengar frå styresmaktene utan krav om motytingar. Det blir vanlegvis lagt til grunn at borgarlønna skal gi ei inntekt som er stor nok til å leve av.

Men når og korleis systemet skal prøvast ut, er enno ikkje klart. Det opplyser Bergens Tidende.

MDG-forslag

Det var MDG som kjempa borgarlønna inn i plattforma. Mona Høgli i MDG sat sjølv i forhandlingane, og ho meiner dette er eit godt og grønt tiltak.

Men om det blir aktuelt i denne byrådsperioden, er ho ikkje sikker på. Høgli erkjenner at den sitjande regjeringa sannsynlegvis ikkje kjem til å ta initiativ til dette med det første.

Bergen vil prøve ut nye ting

– Men vi trur på ei ny regjering om to år, og vi ønskjer å vere i forkant. Bergen er ein by som er frampå, og bergensarane er nysgjerrige på nye ting, seier ho.

Lubna Jaffery (Ap), den nye arbeids-, sosial- og bustadbyråden i Bergen, understrekar at byrådet ikkje har teke stilling til om borgarlønn er bra eller dårleg, men om dette blir aktuelt i Noreg, meiner ho det er naturleg at Bergen blir med.

Konferanse om borgarlønn

Tidlegare i år arrangerte ei gruppe tilhengjarar av borgarlønn ein konferanse i Oslo.

Leiar Anja Askeland i BIEN Norge (Basic Income Earth Network) tviler på at det er nok arbeid til alle i framtida.

Ei framtid med robotar

– Mange jobbar blir automatiserte bort, og produktiviteten vil auke. Vi ser denne utviklinga ved til dømes sjølvgåande køyretøy, lager og butikkar. Industri og produksjon blir òg stadig meir automatisert, sa ho på konferansen i Oslo i april.

Vi har ikkje råd til å la vere

Askeland meiner at ei borgarlønna ideelt skulle vore på 2,5 G, grunnbeløpet i folketrygda, som no er 96.883 kroner. Det blir i årleg borgarlønn på godt og vel 240.000 kroner.

På spørsmål om Noreg har råd til dette, svarte Askeland at spørsmålet er om vi har råd til å la vere.

Forslaget er utan bakkekontakt

Aleksander Stokkebø er stortingsrepresentant frå Rogaland og representerer Høgre i finanskomiteen på Stortinget. Han meiner forslaget frå byrådet i Bergen om borgarlønn er utan bakkekontakt.

– Borgarlønn vil nok dessverre berre redusere insentiva for å komme i jobb og føre til fleire arbeidsledige. Det bryt dessutan med den norske velferdsmodellen, der ein gjer si plikt før ein krev sin rett, og det kan setje legitimiteten av velferdsordningane i spel, seier han til NTB.

Det er ei dyr løysing

Han peikar mellom anna på at om fire millionar innbyggjarar skulle fått ei borgarlønn på 1G, litt under 100.000 kroner, ville det kosta Noreg rundt 400 milliardar kroner årleg.

Finland måtte gi opp

– Finland prøvde ut borgarlønn og måtte gi opp då kostnadene kom ut av kontroll. Når MDG samtidig vil leggje ned den største næringa vår, som årleg gir oss hundrevis av milliardar i inntekter til fellesskapet, går ikkje reknestykket opp, seier han.

Politikarane i Bergen vil teste ut borgarlønn om det skulle bli aktuelt i Noreg. Foto: Marianne Løvland / NTB scanpix