Demonstrasjonane i Irak starta med krav om at styresmaktene må sørgje for fleire arbeidsplassar og få slutt på korrupsjon. No krev demonstrantane også rettferd for dei drepne.

Khalid Mohammed/AP Photo/NTB scanpix

Vald og uro i Irak

PolitikkDet har brote ut kraftige opptøyar i Irak. På ei veke har fleire enn 100 mista livet under demonstrasjonar og samanstøytar.

  • © NTB
  • Publisert:

Det har vore demonstrasjonar i den irakske hovudstaden Bagdad og i fleire byar sør i landet sidan tysdag førre veke.

Fakta om Irak

  • Irak er ein republikk i Midtausten.
  • Landet grensar til Syria i nordvest, Tyrkia i nord, Iran i aust, Kuwait i sør og Saudi-Arabia og Jordan i vest. Irak har kyststripe mot Persiabukta (Golfen) i sør.
  • Irak er rikt på naturressursar og har truleg dei nest største førekomstane av olje og gass i verda.
  • Befolkninga på om lag 40 millionar menneske er kulturelt mangfaldig; den arabiske folkegruppa dominerer, og islam er den viktigaste religionen, men med konfliktar mellom sunniar og sjiaer.
  • Dei offisielle språka er arabisk og kurdisk.
  • Irak har i nyare tid vore involverte i tre golfkrigar, der den siste – den USA-leidde invasjonen i 2003 – førte til at regimet fall, at det vart borgarkrig, og at den interne maktfordelinga vart endra.

Demonstrasjonane har vore retta mot vanstyre, korrupsjon og høg arbeidsløyse. Bråket er den til no største utfordringa som statsminister Adel Abdul-Mahdi og den knapt eitt år gamle regjeringa hans har stått overfor.

For sjette dagen på rad

Søndag var det kraftige opptøyar for sjette dagen på rad i Irak.

13 menneske vart drepne i bydelen Sadr i Bagdad søndag, då hundrevis av personar prøvde å bryte seg gjennom ei sperring for å komme seg vidare til sentrum.

Delar av bydelen er sperra av

Delar av bydelen er sperra av,  og det er plassert ut store styrkar langs heile vegen fram til bydelen for å halde demonstrantane unna.

Ein journalist frå nyheitsbyrået AP melde om at soldatane skaut i retning av demonstrantane for å presse folkemengda bakover. Det oppstod òg tumultar då demonstrantane prøvde å bryte sperringane og setje fyr på bildekk.

100 menneske er drepne hittil

Saad Maan er talsmann for innanriksdepartementet. Han opplyser at over 100 menneske er drepne så langt, inkludert 8 personar frå tryggingsstyrkane.

– Over 6.000 personar er såra i angrepa, og av desse høyrde 1.200 til i tryggingsstyrkane, fortel Maan.

Demonstrantar flyktar medan irakiske tryggingsstyrkar skyt med skarpt i lufta under protestane i Bagdad søndag.

Bad demonstrantane avslutte protestane

Statsminister Mahdi oppmoda sist helg demonstrantane om å avslutte protestane i gatene.

Han sa han står klar til å møte dei og lytte til krava deira. Han sa òg at tryggingsstyrkane har fått ordre om å ikkje bruke skarp ammunisjon, bortsett frå i sjølvforsvar.

Skaut mot demonstrantane

Medan augnevitne seier at tryggingsstyrkane har skote med skarpt mot demonstrantane, har styresmaktene lagt skulda på «uidentifiserte snikskyttarar» som dei meiner skaut mot både soldatar og demonstrantar.

Måndag vedgjekk likevel den irakiske hæren at dei brukte «overdriven makt» under opptøyane i Bagdad natt til søndag.

– Det vart nytta overdriven makt som ikkje følgde regelverket. VI har starta arbeidet med å stille til ansvar dei offiserane som gav ordre om dette, heitte det i ei fråsegn frå den irakske hæren måndag.

Fordømde valdsbruken

Tysdag heldt presidenten i Irak, Barham Saleh, ein TV-tale der han fordømde valdsbruken under protestane. Han bad nasjonalforsamlinga i landet ta krava frå demonstrantane på alvor.

– Politiske prosessar eller system som ikkje arbeider for å innfri krava deira, har ingen legitimitet, sa Saleh.

Han sa òg at dei som har angripe demonstrantar og tryggingsstyrkar, er fiendar av folket.