STEMME: Enden på visa blir at song skal vere ein del av læreplanen.

ILLUSTRASJONSFOTO: PETE PAHHAM / SHUTTERSTOCK / NTB SCANPIX

Songen held fram i skulen

KulturSong skal vere ein del av dei nye læreplanane for norsk for 1.–4. klasse. Det skjer etter kraftige protestar.

  • © NTB
  • Publisert:

– Dette er heilt fantastisk. Eg er svært glad for at dei lytta til protestane, seier stortingsrepresentant Torstein Tvedt Solberg (Ap), som engasjerte seg sterkt for songen.

Kunnskapsdepartementet har nyleg fått eit endeleg utkast til dei nye læreplanane frå Utdanningsdirektoratet.

Fakta om song

  • Å syngje er vanlegvis den enklaste forma for framføring av musikk.
  • Teksten som blir sungen, kan vere poetisk og gå på rim.
  • Det er svært mange former for song.
  • I «rap» blir teksten framført meir rytmisk.
  • Joik er samisk for song. Joik er svært lydmålande. Ein joik er sett saman av korte tekstar eller ingen tekstar i det heile. Ein joik kan vere endelaus.
  • I dyreverda snakkar vi om song i form av fulgesong og kvalsong.

Song blir kompetansemål

Kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H) kom med gladmeldinga om skulesongen då han svarte på ein interpellasjon frå Solberg i Stortinget førre veke.

– Her er song og songtekstar skrive inn som kompetansemål i norskfaget, sa kunnskapsminister Jan Tore Sanner (H).

Til dømes blir det foreslått at elevane etter andre klassetrinnet skal kunne uttrykke tekstopplevingar gjennom leik, song, teikning, skriving og andre kreative aktivitetar.

– Vurderinga mi så langt er at det ser ut som Utdanningsdirektoratet har gjort dette på ein god måte, sa Sanner.

Kunnskapsdepartementet skal fastsetje dei endelege læreplanane i haust.

Demonstrerte med song

I 2017 fjerna regjeringa song frå den overordna delen av læreplanane. Når songen òg vart foreslått fjerna frå norskfaget, førte det til sterke protestar. Forslaget ville bety at det vart heilt valfritt for norsklærarane i barneskulen om dei ville bruke song i undervisninga.

Over 30 organisasjonar gjekk saman om eit opprop for å sikre songen ein plass i skulen. Mange artistar og musikarar støtta oppropet. I juni var Maj Britt Andersen blant dei som møtte opp til ein songdemonstrasjon utanfor Stortinget.

SONG UT: Det vart sterke protestar då det kom forslag om å fjerne song frå læreplanane for skulen. No er det klart at songen får halde fram i skulen. Her frå ein demonstrasjon i regi av Koralliansen utanfor Stortinget i juni.

FOTO: HÅKON MOSVOLD LARSEN / NTB SCANPIX

Jublar for songen

Torstein Tvedt Solberg, som er nestleiar utdannings- og forskingskomiteen på Stortinget, gler seg over nyheita om at songen får behalde plassen i læreplanen.

Samtidig ber han om at det no blir satsa på kompetanse i musikk og praktiske fag for lærarar.

– Berre 40 prosent av dei som underviser i musikk i barneskulen, har formell utdanning i faget, seier han.