UT: Fredag 18. oktober går dei gamle 50- og 500-kronesetlane ut av sirkulasjon.

FOTO: GORM KALLESTAD / NTB SCANPIX

Setlar for over 4 milliardar kroner blir snart for gamle

ØkonomiDei gamle 50- og 500-lappane går ut av sirkulasjon fredag 18. oktober, eitt år etter at dei nye setlane vart lanserte.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Fakta om dei nye setlane

  • 50 kroner: «Havet som bind oss saman». Motivet er Utvær fyr i Solund kommune i Sogn og Fjordane.
  • 100 kroner: «Havet som fører oss ut i verda». Motivet er Gokstadskipet, som er det best bevarte av vikingskipa vår.
  • 200 kroner: «Havet som gir oss mat». Motivet er ein torsk. I bakgrunnen er det sild og maskene i ei fiskenot.
  • 500 kroner: «Havet gir oss velferd». Motivet er redningsskøyta «14 Stavanger». Ho vart bygd av Colin Archer. Han er den mest kjente båtbyggaren i Noreg.
  • 1.000-lappen: «Havet som fører oss vidare». Motivet er ei bølgje på ope hav. Bølgja fortel oss at havet både er ei kraft vi kjempar mot, og ei kraft som fører oss framover.

– Noregs Bank oppmodar publikum til å bruke eller setje gamle 50- og 500-kronesetlar inn på konto før denne fristen, seier direktør for kontante betalingsmiddel i Noregs Bank Leif Veggum.

Noregs Bank tar setlane ut av sirkulasjon eitt år etter at dei lanserte dei nye 50- og 500-kronesetlane.

Millionar av setlar

Setelserien som er på veg ut, vart introdusert i åra 1994–2001.

I månadsskiftet september/oktober var det 8,1 millionar gamle 500-kronesetlar og 12,4 millionar gamle 50-kronesetlar i omløp. Det svarer til 4,6 milliardar kroner.

– Kikk i skuffar og skap

– Det er ei stor mengde setlar, så vi håper så mange som mogleg no tar ein ekstra kikk i skuffar og skap for å sjå om dei kan ha gamle setlar liggande, seier Veggum.

Etter 18. oktober kan setlane vekslast gebyrfritt hos Noregs Bank i minst ti år. Det kan ein gjere ved å troppe opp ved eitt av depota til Noregs Bank eller ved å sende setlane til sentralbanken.