Raftoprisen 2019 går til Rouba Mhaissen for forsvaret hennar av folk på flukt, som her i Libanon. Mhaissen er leiar for den libanesiske organisasjonen Sawa for Development and Aid (SDAID).

Hassan Abdallah/REUTERS/NTB scanpix

Raftoprisen heidrar arbeid for syriske flyktningar i Libanon

PolitikkSyrisklibanesaren Rouba Mhaissen (31) får Raftoprisen for kampen sin for syriske flyktningar i Libanon. Den norske stiftinga ber rike land ta ansvar.

  • © NTB
  • Publisert:
  • Oppdatert:

Med prisen set Raftostiftelsen søkjelyset på eit verdssamfunn som ikkje er i stand til å ta vare på folk som er tvinga på flukt, snart 70 år etter at FN vedtok flyktningkonvensjonen.

Fakta om Rafto-prisen

  • Thorolf Raftos Minnepris – Raftoprisen – har vore delt ut årleg sidan 1987.
  • Det er Raftostiftelsen som deler ut prisen. Stiftinga vart oppretta for å heidre minnet etter professor Thorolf Rafto og innsatsen hans for menneskerettane. Stiftinga har som hovudmål å fremje fundamentale menneskerettar som politisk fridom og åndsfridom.
  • Prisen går til personar og organisasjonar som kjempar for menneskerettane. Prisen skal bidra til å synleggjere arbeidet som blir gjort.
  • Sjølve prisutdelinga skjer i Bergen første søndagen i november. I år er det 3. november.

– Store grupper av menneske over heile verda er i eit limbo, og rettane deira blir sette til side når dei blir målte opp mot interessene til statsborgarar og nasjonale regjeringar, påpeikar stiftinga.

Alle menneske har krav på vern

Raftostiftelsen grunngir pristildelinga til Mhaissen med at ho både nasjonalt og internasjonalt har tatt til orde mot det aukande presset for tvangsretur av syriske flyktningar.

Mhaissen insisterer òg på at alle menneske, ikkje berre dei som har eit statsborgarskap, har krav på menneskerettsleg vern og moglegheiter til å skape sine eigne liv.

Rike land må ta ansvar

Samtidig kjem Raftostiftelsen med ei innstendig oppmoding:

– Vi ber alle statar, internasjonale organ og frivillige organisasjonar om å ta eit felles ansvar for å yte humanitær hjelp i akutte og langvarige kriser.

Velståande og demokratiske statar har eit særskilt ansvar for å ta vare på menneske på flukt.

Viktig dokumentasjonsarbeid

Mhaissen er grunnleggjar av organisasjonen Sawa for Development and Aid.

Organisasjonen arbeider for å forbetre livssituasjonen for flyktningar i Libanon, særleg barn og kvinner.

Organisasjonen tilbyr helsetenester, rådgiving og grunnskuleutdanning.

Rouba Mhaissen får årets Rafto-pris. Foto: Raftoprisen / NTB scanpix

Dokumenterer erfaringar

Sawa dokumenterer erfaringane flyktningane har gjort seg, og levekåra dei lever under.

– Det er svært viktig for å kunne påverke dei politiske prosessane og sikre kunnskapsbaserte avgjerder både i Libanon, Syria og i internasjonale forum, understrekar Raftostiftelsen.

Tvinga til å reise heim

Libanon har 4,5 millionar innbyggjarar. I tillegg er landet vertskap for om lag 1,5 millionar syrarar som har måtta flykte frå den brutale borgarkrigen.

Men ifølgje Amnesty International blir no stadig fleire syrarar tvinga til å reise heim på grunn av streng politikk og diskriminering.

Mange blir arresterte

Når flyktningane kjem heim til Syria, blir mange utsette for vilkårlege arrestasjonar, avhøyr og tortur. Dermed har flyktningane eit umogleg val, påpeikar stiftinga.

Dei oppmodar Libanon til å ratifisere flyktningkonvensjonen frå 1951 og oppfylle forpliktingane dei har etter menneskerettskonvensjonane dei alt har godkjent.