Lars Bryhn Nyland / NTB scanpix

Pro- og antityrkiske demonstrantar barka i hop i Oslo

PolitikkPolitiet brukte tåregass for å få kontroll over den ustyrlege situasjonen som oppstod då pro- og antityrkiske demonstrantar byrja å slåst i Oslo sentrum i helga.

  • © NTB
  • Publisert:

Demonstrantane står på kvar si side av konflikten mellom det tyrkiske regimet og den kurdiske militsen nord i Syria. Tyrkia har den siste tida gått til ein militæroffensiv mot kurdiske militærgrupper i Syria.

Fakta om konflikten nord i Syria

  • Etter at IS i 2014 erobra store område i Syria, vart den kurdiske YPG-militsen den viktigaste allierte for USA i kampen mot ekstremistgruppa. Under offensiven mot IS tok kurdarane kontroll over store delar av Nord-Syria.
  • Kurdarane nordaust i Syria proklamerte i mars 2016 ein autonom, føderal region kalla Rojava. Det møtte motstand både frå regimet og opposisjonen i Syria. Også USA og Tyrkia protesterte.
  • Kurdarane reknar områda Afrin, Jazira, Eufrat, Raqqa, Tabqa, Manbij og Deir al-Zor som ein del av Rojava.
  •  Hausten 2016 starta Tyrkia ein militæroffensiv over grensa mot Syria. Den var, ifølgje president Recep Tayyip Erdogan, retta mot den ytterleggåande islamistgruppa IS og den kurdiske militsen.
  • Dei tyrkiske styrkane skar gjennom det kurdiskkontrollerte området og skilde Afrin frå resten av den sjølvproklamerte Rojava-regionen.
  • I 2018 rykte tyrkiske soldatar og allierte FSA-militsar inn i Afrin og tok kontroll over stort sett heile regionen rundt den kurdiske byen.
  • Den 9. oktober 2019 starta Tyrkia ein lenge varsla militæroffensiv mot den nordaustlege delen av Syria, der Erdogan vil opprette ei vel 30 kilometer brei «tryggingssone» på den syriske sida av grensa.

Til saman vart sju personar tatt med til politiarresten eller arresterte i samband med uroa. To personar vart sende til legevakta.

Tåregass mot demonstrantar

Politiet brukte ved eitt høve tåregass for å få kontroll på nokre demonstrantar som hadde tatt seg inn i ein butikk for å slåst.

Demonstrantane barka i hop

Bråket byrja ved 15-tida laurdag ettermiddag. Det var heilt i starten av ein demonstrasjon mot Tyrkia ved den tyrkiske ambassaden at det oppstod slåstkampar mellom prokurdiske og protyrkiske demonstrantar. Då hadde dei protyrkiske demonstrantane akkurat avslutta ei markering for Tyrkia ved den same ambassaden på Frogner i Oslo.

Brukte slagvåpen

Ifølgje politiet nytta enkelte demonstrantar slagvåpen og brukte dei mot bilar.

To personar vart skadde og sende til legevakta, og to personar vart tatt med til arresten i samband med slåstkampen. Slåstinga starta rett før motdemonstrasjonen til støtte for kurdarane.

Krigsliknande tilstandar

Politiet karakteriserte bråket som krigsliknande tilstandar.

Det var stort politioppbod med folk frå beredskapsstroppen på staden, og stemninga var aggressiv med tilløp til mindre slåstkampar ved ambassaden.

Fleire gater var stengde

Dei antityrkiske demonstrantane hadde samla seg på Solli plass før dei gjekk ned til ambassaden. Fleire gater i området var stengde i samband med demonstrasjonen.

Slåstkamp i butikk

Etter demonstrasjonen ved ambassaden gjekk dei antityrkiske demonstrantane mot Karl Johans gate og Hausmannsgate. På vegen oppstod det ved 17.20-tida endå ein slåstkamp inne i ein butikk.

Operasjonsleiar Gjermund Stokkli i Oslo politidistrikt sa til NTB at demonstrantane plutseleg braut ut av demonstrasjonstoget og storma inn på Body Shop.

Slagsmål inne i butikken

– Der vart det slagsmål mellom fleire personar inne i butikken. Det vart gjort ein del skadeverk. Dessutan vart det utløyst eit pulverapparat, seier operasjonsleiaren.

Politiet brukte tåregass for å få kontroll på situasjonen. Tre personar vart arresterte.

Demonstrasjon mot tyrkiske angrep

Ved 18.30-tida laurdag kveld var demonstrasjonane over.

Etter den tyrkiske militæroffensiven mot den kurdiske militsen i Syria har òg kurdarar i Noreg arrangert fleire demonstrasjonar, mellom anna på Oslo lufthamn og på Oslo Sentralstasjon.

Demonstrasjonane har hittil gått nokså fredeleg for seg.

 

Ei gruppe kurdarar demonstrerte ved den tyrkiske ambassaden laurdag. Demonstrasjonen førte seinare til stor uro og slåsting i Oslo sentrum.