Den afrikanske kjempesnigelen spreier seg fort på Cuba.

Ismael Francisco / AP / NTB scanpix

Kjempesnigel invaderer Cuba

MiljøPå kort tid har den afrikanske kjempesnigelen vorte den nye folkefienden på Cuba. Både folk og ekspertar fryktar øydelagde avlingar og smittsame sjukdommar.

  • © NTB
  • Publisert:

I det stille har den rundt 20 centimeter lange snigelen fått fotfeste på den største øya i Karibia, Cuba. Det dreier seg om ein art med det latinske namnet Achatina fulica.

Fakta om framande artar

  • Artar som lever utanfor det naturlege utbreiingsområdet sitt, blir rekna som framande artar.
  • Dei kjem til leit land ved hjelp av menneske, anten det skjer medvite eller umedvite.
  • Framande artar kan gjere skade på den lokale naturen på fleire måtar.
  • Nye artar som kjem inn i eit økosystem der han ikkje høyrer heime, kan endre miljøet og konkurrere ut stadeigne artar.
  • Dette er særleg kritisk viss han påverkar artar som allereie er trua av andre årsaker.
  • Framande artar kan føre med seg andre blindpassasjerar, som parasittar og nye sjukdommar.
  • I Noreg viser Fremmedartslista kor stor risiko dei ulike framandartane utgjer for naturmangfaldet her til lands (økologisk risiko).

Kjelder: nina.no

Han har ingen naturlege fiendar

Den velvaksne snigelen har ingen naturlege fiendar på Cuba og set til livs både vegetasjon, frukt, grønsaker og søppel.

– Eg hadde aldri høyrt om han før, men no er han overalt, seier Ysmila Marín. Ho bur i eitt av dei områda som blautdyret no har erobra.

Nasjonale tiltak for å kjempe mot sniglane

Dei siste månadene har styresmaktene sett i gang nasjonale tiltak for å få bukt med sniglane, men ikkje alle er like fornøgde med den statlege innsatsen så langt.

Marín og fleire nabofamiliar held barna innandørs av frykt for å bli smitta av sniglane, som i verste fall kan bere med seg alvorlege hjerneinfeksjonar og mageinfeksjonar.

Ikkje ta på sniglane!

Styresmaktene oppmodar folk til å fjerne sniglane utan å ta på dei og å destruere dei i forsegla boksar.

Snigelen dukka først opp på Cuba i 2014, men finst no over store delar av hovudstaden Havanna og resten av øystaten.

Vil ta tid å få kontroll

Styresmaktene har innsett at det kjem til å ta noko tid før snigelinvasjonen er under kontroll.

Det er førebels uvisst korleis snigelen har komme seg til Cuba.