IS-leiar Abu Bakr al-Baghdadi vart drepen i eit amerikansk angrep i helga. Han heldt ein svært låg profil, og dette bildet er frå ein video IS sjølv har publisert.

AP/NTB scanpix

IS-leiar Abu Bakr al-Baghdadi er død

PolitikkIS-leiaren tok sitt eige liv med ein bombevest då dei amerikanske spesialstyrkane gjekk til angrep i Syria.– Den fremste terroristleiaren i verda har fått som fortent, seier USAs president Donald Trump.

  • © NTB
  • Publisert:

President Trump stadfesta søndag meldinga mange hadde venta på:

– Abu Bakr al-Baghdadi er død, fastslo Trump på ein pressekonferanse i Det kvite hus. Presidenten opplyste  at testar stadfestar at det var al-Baghdadi.

FAKTA OM IS

  • IS er ei ytterleggåande islamistisk gruppe. IS er forkorting for Den islamske staten
  • Gruppa vart etablert i 2013 og har røter tilbake til motstandskampen mot den USA-leidde invasjonen av Irak i 2003.
  • IS hadde i 2013–2015 militær framgang og tok kontroll over store landområde i Irak og Syria.
  • Deretter vart gruppa driven på defensiven og vart langt på veg nedkjempa militært hausten 2017.
  • IS hadde enno i 2018 kontroll over eit lite område aust i Syria.
  • Tidleg i 2019 vart dette området endå mindre, og IS hadde berre nokre få soldatar igjen.
  • Den siste helga i oktober 2019 vart IS-leiar Abu Bakr al-Baghdadi drepen. Det meiner ekspertane er eit hardt slag mot restane av IS. Men framleis blir IS rekna som ein trussel som kan mobilisere på nytt.

Kjelde: SNL, NTB

Tok sitt eige liv

IS-leiaren tok sitt eige liv ved å utløyse ein bombevest då amerikanarane gjekk til angrep i Idlib nordvest i Syria, ifølgje presidenten.

– I går kveld sørgde USA for at den fremste terroristleiaren i verda fekk som fortent, seier Trump.

Flykta inn i ein tunnel

Trump seier at Baghdadi flykta inn i ein tunnel saman med tre av barna sine. Der utløyste han bomba og tok barna med seg i døden.

– Han var ein sjuk og forderva mann, og no er han borte. Han døydde som ein hund. Han døydde som ein feiging. Verda er ein mykje tryggare stad. Gud velsigne USA, sa Trump.

Talsmann er død

Dei amerikanske styrkane held fram jakta på IS-leiarar i Syria. Søndag kom det òg fleire meldingar om at IS-talsmann Abu Hassan al-Muhajir er drepen. Han skal ha vore Baghdadis høgre hand.

Nyheitsbyrået AFP får stadfesta opplysningane frå ei høgtståande kjelde i den kurdiskleidde militsen Syrian Democratic Forces (SDF).

Kampen er ikkje over

Aksjonen mot Baghdadi kravde ingen amerikanske liv, medan fleire av Baghdadis folk vart drepne, sa Trump på pressekonferansen.

Han takka både Russland, Tyrkia, Syria, Irak og den kurdiske militsen for støtta.

Viktig i kampen mot IS

Fleire verdsleiarar meiner Baghdadis død er viktig i kampen mot IS, mellom anna leiarane i Frankrike, Storbritannia og Danmark. Men dei understrekar alle at kampen langt frå er over.

Utan Baghdadi har IS ingen opplagt sjef, og dødsfallet er dermed eit stort tilbakeslag for organisasjonen. Den militante gruppa, som oppstod frå restane av al-Qaida i Irak, har likevel ambisjonar om å komme på fote igjen. IS er framleis ein farleg trussel i Irak og Afghanistan.

Kampen mot IS er ikkje over

– Det at han er død, er viktig i kampen mot terror, men kampen mot IS-vondskapen er ikkje over, seier Storbritannias statsminister Boris Johnson.

Chris Costa er tidlegare seniordirektør for kontraterrorisme i det nasjonale tryggingsrådet i USA. Han seier at fienden har fått eit kraftig tilbakeslag.

– Men ideologien – den er ikkje død, understrekar Costa.

Innsatsen var utruleg

Trump karakteriserer innsatsen til dei amerikanske styrkane som «utruleg» og seier at han sjølv fekk følgje med på delar av aksjonen.

Presidenten oppgav òg at operasjonen varte i to timar, og at dei amerikanske spesialstyrkane fekk med seg mange dokument som mellom anna viser framtidsplanane til IS.

Irakisk samarbeid

Ifølgje ei irakisk etterretningskjelde spelte den irakiske etterretninga ei viktig rolle i jakta på skjulestaden til IS-leiaren.

Ein syriskkurdisk militsleiar og Tyrkia har òg fortalt at dei samarbeidde med USA i forkant av operasjonen.

Stor siger for Trump

Baghdadis død er ein stor utanrikspolitisk siger for Trump. Han har den siste tida fått kraftig kritikk både i utlandet og på heimebane fordi han har trekt dei amerikanske styrkane ut av Nord-Syria. Tilbaketrekkinga har i realiteten bana vegen for den tyrkiske offensiven mot kurdiskdominerte område.

Drapet på IS-leiar Abu Bakr al-Baghdadi er ein viktig politisk siger for Donald Trump.

IS-fangar har flykta

Dei kurdiske styrkane har hatt mange IS-soldatar i fengsel. Etter den tyrkiske offensiven har kurdarane måtta konsentrere alle kreftene sine på å kjempe mot dei tyrkiske soldatane. Det har ført til at mange IS-soldatar har klart å rømme frå fengsla.

Det har mange sett som eit tilbakeskritt i kampen mot IS.