Helseminister Bent Høie (H) tok i et Facebook-innlegg denne helga eit kraftig oppgjer med stigmatisering og hetsing av homofile.

Fredrik Hagen / NTB scanpix

Helseminister Høie kraftig ut mot homohets

PolitikkI eit innlegg på Facebook tar helseminister Bent Høie (H) eit kraftig oppgjer med nedrige kommentarar og hets mot homofile.

  • © NTB
  • Publisert:

Bent Høie har tidlegare sagt at han som open homofil politikar har opplevd lite eller ingen hets dei siste tjue åra.

Fakta om homofobi

Homofobi er eit omgrep som vert nytta på fleire språk for å skildre negative haldningar og handlingar retta mot homofile.

Homofobi blir nytta om ei negativ haldning, meining, reaksjon eller handling i tilhøve til homofile eller homofilt kjønnsliv.

Kjelde: Wikipedia

 

Den siste veka har endra på det, skriv han i eit innlegg på Facebook.

Ikkje ta noko for gitt

Helseministeren peikar på fleire ting han har lært at ein ikkje kan ta for gitt, verken internasjonalt eller i Noreg.

Etter ei NRK-sak om førebyggjande behandling av hiv i Noreg (Prep), har det kokt i kommentarfelt og lesarbrevspalter, fortel Høie.

Slepp eigendel

Asha Hartgill er seksjonslege ved Olafiaklinikken.

I NRK-saka sa Hartgill at det ikkje alltid er lett å forsvare at kreftpasientane må betale eigendelar, medan dei friske Prep-brukarane slepp.

Har forhindra nye tilfelle av hiv

Prep-pilla har vore gratis for homofile menn sidan 2017.

Ifølgje ein rapport frå Olafiaklinikken har Prep forhindra 80 nye tilfelle av hiv.

Tonen har vorte veldig hard

– Det er dei som hevdar at dette er ei oppmoding til homofile om å ha uforpliktande sex, skriv Høie om debatten om Prep-pilla.

– Den harde tonen har vorte stadig hardare, seier han.

Kritikk mot ein homofil statsråd

– Somme meiner at eg som homofil statsråd bruker offentlege pengar på at dei homofile vennene mine skal kunne ha sex med kven som helst og når som helst. Andre kommentarar er så nedrige at eg ikkje vil referere dei, held helseministeren fram.

– Veldig trist

Han utdjupar overfor NTB at folk på Facebook med fullt namn har komme med rein homohets.

– Det synest eg er veldig trist. Eg ser at nokre av dei som har kommentert, er i besteforeldrealder, og eg blir uroleg for barnebarna deira, seier Høie.

Vil ikkje gå til politiet

Helseministeren opplyser at han ikkje har tenkt å gå til politiet for å melde hetsen, men at han har valt å vere open og skrive ein artikkel for å få kasta lys over saka.

– Som politikar må ein tole at folk er usamde og kritiske til politikken ein står for, men slik stigmatisering og hets av homofile, særleg knytt opp mot hiv, kan bidra til at viruset spreier seg, og at hivpositive gøymer seg i skapet, seier han.

Tung veke

I innlegget tar Høie òg opp valet i Polen tidlegare denne veka. Der vart det homofiendtlege Lov- og rettferdspartiet igjen valvinnar.

Høie  nemner òg ei sak om twintip-køyraren Andreas Håtveit. Håtveit meiner at homofile og ugifte ikkje bør vere instruktørar og leiarar på barneleirane til organisasjonen Kristen idrettskontakt (Krik).

Høie er uroleg

Begge desse sakene uroar Høie. Han fryktar at hetsen mot homofile skal auke.

Helseministeren understrekar samtidig at det finst håp. Han peikar på dei mange pride-arrangementa i bygd og by det siste året.

Bent Høie er glad for dei mange pride-paradane. Dei viser at det har vorte større aksept for lesbiske og homofile. Her frå pride-paraden i Oslo i år.